en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvekslingsambassadørar

Våren 2019 startar dei første utvekslingsambassadørane frå SV. Undervegs i utanlandsopphaldet skal dei dele erfaringar, og attende på UiS skal dei delta i informasjonsarbeid.

Kollasje med dei åtte ambassadørane. Desse studentane er dei første utvekslingsambassadørane ved SV. Oppe frå venstre Aleksandra Beata Kowalska, Jeanett Eltervaag, Hanna Sofie Berg Langesæter, Alice Dahle, Helene Gibbs, Therese Espenes Hayden, Inger Marie Hatlestad og Mariell Johannesen.

Utveksling er sentralt i strategien for SV-fakultetet, og målet er at talet ferdige kandidatar som gjennomfører et utanlandsopphald i løpet av graden skal aukast frå 6,6 prosent (2016) til 25 prosent (i 2020).

I haust blei det sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå institutta og Internasjonalt kontor. Gruppa har, med utgangspunkt i UiB sitt prosjekt «Utvekslingsambassadørar», sett på korleis eit liknande prosjekt kan utviklast her.

Piloten i gang

No er ein i gong med pilotprosjektet. Alle studentane ved SV som har fått godkjent utveksling til våren, vart invitert til informasjonsmøte om ambassadørprosjektet. Av totalt 18 studentar som skal på utveksling, er 8 interessert i å vera ambassadør. Av desse kjem ein student frå statsvitskap, to frå sosialt arbeid og fem frå barnevern. Dei skal på utveksling  til Danmark, Belgia, Australia og USA.

Oppgåvene som utvekslingsambassadør ved SV inneber å levere tre blogginnlegg medan man er på utveksling, samt delta på eit arrangement (informasjonsmøte el) med andre studentar etter utvekslinga.

Alle utvekslingsambassadørar som fullfører får eit «International Diploma Of Merits», som kan leggjast ved vitnemålet når ein søkjer jobb. Attesten skildrar dei internasjonale aktivitetane den enkelte har vore med på og kompetansen dei har fått som utvekslingsambassadør. Attesten/diplomet synliggjer den internasjonale erfaringa og kompetanse for potensielle arbeidsgjevarar på ein profesjonell måte.

Prosjektet er på fakultetsnivå, og med sterk involvering frå institutta. Rekruttering av ambassadørar blant dei som skal på utveksling til hausten startar alt i mars.

TN har og starta med utvekslingsambassadørar, kor studentar som har vore på utveksling er med på informasjonsmøter. Til skilnad frå TN sitt prosjekt, vil SV rekruttere ambassadørar før studentane reiser på utveksling.