en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Her er dei nye utvekslingsambassadørane

Denne hausten er elleve nye utvekslingsstudentar klare til å fortelje deg korleis det er på utveksling. Følg dei på utvekslingsbloggen til UiS.

Kollasj med bilde av dei elleve utvekslingsambassadørane.

Har du lurt på korleis det er på utveksling, kva du bør tenke på, og om det er verdt det? Du kan få svar frå nokre som allereie har bestemt seg  for å ta eit semester i utlandet.

utvekslingsbloggen deler dei sine erfaringar. Her finn du tips og råd om alt frå søknadsprosessen, korleis du finn ein stad å bu og ordnar mobilabonnement til kva fag du kan ta og kva du bør oppleve på dei ulike stadane.

Desse kan du følgje på bloggen i haust:

  • Anette Bærheim, som studerer master i energi, miljø og samfunn. Er på utveksling til Technical University of Munich i Tyskland.
  • Christina Fredvig-Erichsen som studerer master International Hospitality Management. Er på utveksling til Griffith University i Australia.
  • Kevin Hahn som studerer master i energi, miljø og samfunn. Er på utveksling til Københavns Universitet i Danmark.
  • Kine Ruud-Nesheim. Bacehelor i hotelledelse. På utveksling til Salzburg University of Applied Sciences i Østerrike.
  • Lea Cristine Tvervåg. Bachelor i journalistikk. På utveksling til San Diego State University i USA.
  • Linn Nordby. Bachelor i hotelledelse. Er på utveksling til Taylor’s University i Malaysia.
  • Marie Bakkan. Bachelor i hotelledelse. Utveksling til Michigan State University i USA.
  • Robinson Rivera. Bachelor i reiselivsledelse. Utveksling til University of Barcelona School of Tourism, Hospitality and Gastronomy (CETT) i Spania.
  • Sumit Sharma. Bachelor i hotelledelse. Utveksling til King Juan Carlos University i Spania.
  • Tora Margrete Eide. Studerer master i energy, miljø og samfunn. På utveksling til Technical University of Munich i Tyskland.
  • Victoria Nesvik. Master i International Hospitality Management. På utveksling til Griffith University i Australia.

 

Sjekk ut kor du kan reise på utveksling.

Har du spørsmål om utveskling, kan du kontakte studiekoordinatoren din eller Internasjonalt kontor.