en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Følg utvekslingsbloggen

Lurer du på korleis det er å vera utanlands eit semester? Få svar på utvekslingsbloggen.

Utvekslingsbloggen ved UiS. Kvinne som tek sjølvi med ein kenguru. Foto: Morten Feirud

Å dra på utveksling opnar mange dører, men det er og mykje som skal ordnast før du kan pakke kofferten og reise ut.

utvekslingsbloggen får du tips om kva du bør tenke på. Der deler utvekslingsstudentar sine opplevingar og erfaringar om alt frå søknadsprosessen, korleis skaffe seg ein stad å bu, møte med nye kulturar og menneske, språkutfordringar og kollektivtrafikk. For å nemne noko. 

Lurer du på noko om utveksling?

studentsidene finn du mykje informasjon om utveksling. Studiekonsulent på studieprogrammet ditt kan òg hjelpe. 

Utvekslingsambassadør-prosjektet 

Januar 2019 starta Det samfunnsvitskaplege fakultet prosjektet utvekslingsambassadørar. Målet er å gi studentar eit innblikk i korleis det kan vera å dra på utveksling i eit anna land. Utvekslingsbloggen er av og for studentar. 

Dette semesteret er åtte studentar på utveksling utvalde til å vera utvekslingsambassadørar. Det betyr at dei på utvekslingsbloggen deler sine opplevingar, erfarings og tips.