en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli utvekslingsambassadør

Studentar ved SV som reiser på utveksling til våren, har nå ein unik muligheit til å få meir ut av utvekslinga.

Våren 2019 startar Det samfunnsvitskaplege fakultet eit pilotprosjekt for utvekslingsstudentar. Det betyr at dei som skal på utveksling kan gjera noko ekstra ut av sitt utanlandsopphald, ved å bli utvekslingsambassadør.

Gjennom ambassadørprogrammet deler studentane erfaringar undervegs i opphaldet, samt at dei fortel om utvekslinga til andre studentar når dei er attende på UiS.

Alle som fullfører ambassadøroppgåvene får eit «International Diploma Of Merits». Det er ein attest som ein kan leggje ved vitnemålet når ein søkjer jobb. Attesten forklarar kva internasjonale aktivitetar du som ambassadør har vore med på, og kva slags kompetanse du har fått som utvekslingsambassadør. Attesten viser internasjonal erfaring og kompetanse for potensielle arbeidsgjevarar på ein profesjonell måte.

Lurer du på noko?

Måndag 12. november klokka 12.00 - 14.00 arrangerer SV-fakultetet informasjonsmøte for studentar som skal på utveksling til våren. Kontakt Lena Forgaard på e-post: lena.forgaard@uis.no, om du lurer på om utvekslingsambassadør er noko for deg.

Påmeldingsskjema for å søkje om å bli utvekslingsambassadør.

Gjer noko ekstra ut av utvekslinga.

Illustrasjonsfoto: del av globus