en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Universidad Politécnica de Valencia - Spania

Universidad Politécnica de Valencia har røter frå 1968 og fekk universitetsstatus i 1971. Det er over 37.000 studentar ved universitetet. Valencia ligg flott til ved austkysten av Spania, litt nord for Alicante. Den kjende arkitekten Santiago Calatrava har satt sitt preg på byen som blir kalla City of Arts and Science.

  • © Universidad Politécnica de Valencia
  • © Universidad Politécnica de Valencia
  • © Universidad Politécnica de Valencia

På nett
Informasjon for utvekslingsstudenter

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Universitetet i Stavanger og Universidad Politecnica de Valencia har i ei årrekke hatt eit nært og godt samarbeid. Universitetet tilbyr eit program ved oppstart for nye studentar, og ein kan vere med på fadderarrangement.
Valencia er den tredje største byen i Spania med ca 810.000 innbyggjarar. Byen ligg ved Middelhavet, litt nord for Alicante. Her finn du dei store og moderne avenyane med spanande ny arkitektur, men samstundes har byen eit gamalt sentrum med små, koselege gater.

Det er tre ulike campusar på universitetet:
1. Vera Campus (Studentane på urban design kjem til å ha undervisning på denne campusen.)
2. Gandia Campur
3. Alcoy Campus


UiS har ein Erasmus+ avtale med School of Architecture som er åpen for studentar som studerer urban design.

Undervisningsspråk
UPV har få emne undervist på engelsk. Det meste av undervisningen er på spansk.

Krav om språkkunnskaper
Studenter som ønsker å reise på utveksling til dette universitetet må legge ved ein bekreftelse på at de har minimum A2 i spansk i henhold til Europarådets nivåskala for språk. Studentar som ikkje oppfyller kravet vil få tilbod om online språkkurs i forkant av opphaldet.

Krav om  karakterer
Ingen karakterkrav

Antall utvekslingsplasser totalt 
2

Informasjon om skulepengar
Studentar som reiser på Erasmus+ utveksling er fritekne for skulepengar ved vertsuniversitetet.

Stipend
Studentar som reiser på Erasmus+ utveksling får stipend i tillegg til lån og stipend frå Lånekassen. 

Val av emne
Les meir om emner ved UPV her.
 
Semesterorganisering
Haustsemester: Slutten av september–slutten av januar
Vårsemester: Medio februar–byrjinga av juni

Studiepoeng i utlandet
1 studiepoeng = 1 ECTS credit

Bustad
UPV vil bistå til med å finne bustad for utvekslingsstudentar. Les meir om bolig ved UPV her.

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no
---
Erfaringsrapportar – frå studentar som har vore på utveksling.