en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Western Institute of Technology at Taranaki

Er du klar for ditt livs eventyr på vakre New Zealand kombinert med fagleg påfyll? WITT er ein polyteknisk høgskole med blant anna ei god sjukepleieutdanning som på mange måtar liknar den norske utdanninga. Avtalen er først og fremst rekna for sjukepleiestudentar.

  • © Western Institute of Technology
  • © Western Institute of Technology
  • © Western Institute of Technology

På nett: www.witt.ac.nz
Facebook

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Western Institute of Technology (WITT) er et lite statlig eid, Teritary Eduation Institution (TEI) i Taranaki. Hovudcampusen New Plymouth Taranaki er lokalisert på vestkysten av Nordøya i ein flott region med snødekte fjelltoppar, ei lang kyststripe, gode forhold for surfing og andre utandøraktiviteter. 

WITT vart etablert i 1971. Avtalen Universitetet i Stavanger har inngått med WITT er en bilateral avtale som er tilgjengelig for sykepleiestudenter frå UiS.

Alle emne er orientert mot arbeidslivet og undervisningen foregår i små klasserom. Det er eit tett samarbeid med arbeidslivet og det er eit stor fokus på  ”on–job training

Undervisningsspråk
Engelsk

Krav om språkkunnskaper
Institutt for helsefag krever at alle søkarar må ha minimum -4- i engelsk (munnleg OG skriftleg) på vitnemålet frå den vidaregåande skulen. Studentar om ikkje oppfyller kravet kan avlegge IELTS eller TOEFL test. WITT sine krav til engelsktest finn du her

Krav om karakterer
WITT krever at søkarar har C i snitt.

Antall utvekslingsplasser totalt
Ubegrenset

Antall gratisplasser
0

Informasjon om skulepengar
NZD 200 i international student registration fee.

Stipendmuligheter
Ingen kjente muligheter utover støtta frå Lånekassen.

Valg av emne
Sjekk nettsidene til WITT for å velge fag.

Semesterorganisering
Haustsemester: Slutten av juli - slutten av november
Vårsemester: Slutten av februar - slutten av juni

Studiepoeng i utlandet 
For sjukepleietudentar blir dette avtalt individuelt ved institutt for helsefag

Bolig
Studentar som reiser på utveksling til Western Institute of Technology kan leiga ein studentbolig gjennom universitetet eller bolig på eiga hand på den private marknaden. WITT er behjelpelige med å finna bustad. Les meir

Visum
Alle som skal til New Zealand må ha visum og det er studenten sitt eige ansvar å ordne dette. Les meir.
For å kunne studere i NZ treng du studentvisum. Nærmeste ambassade ligg  i Nederland. Du må rekne minst tre vekers behandlingstid og postgang frå du sender søknad til du har fått visumet. Ver ute i god tid!

Vaksiner
Sjekke UD sine landsider  for informasjon om særskilte vaksiner som er anbefalt i landet du skal reise til. Dersom det er aktuelt, vi du få informasjon om krav til vaksiner og helsesjekk direkte frå universitetet/praksisplassen i løpet av søknadsprosessen.

Forsikring
Norske statsborgarar med lån eller stipend Lånekassen er automatisk medlem av Folketrygden. Folketrygdens stønadssystem gjer i mange tilfeller ikkje fullgod dekning. Du vil for eksempel ikkje få dekka heimtransport ved sjukdom. Du har heller ingen ansvarsforsikring for skade som du påfører andre og du vil heller ikkje få nokon menerstatning dersom du skader deg utanfor ordinær undervisning.

Studentar kan teikna ein utvida ansvarsforsikring som er spesielt retta mot sjukeleiestudenter som deltek på praksisopphald i utlandet.

UiS anbefaler forsikring til Norsk Sykepleieforbund.  Informasjon om forsikring på UiS sine nettsider


Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no

---

Erfaringsrapportar – frå studenter som har vore på utveksling