en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Flinders University - Australia

Flinders University er eit internasjonalt orientert universitet som rangerer blant dei ti beste Australian Universities for International Standing.

  • © Flinders University
  • © Flinders University
  • © Flinders University
  • © Flinders University
  • © Flinders University

På nett:
www.flinders.edu.au
Facebook

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
Universitetet vart etablert i 1966 og har i dag rundt 15,000 studentar, av dei rundt 2,000 internasjonale studentar.

Flinders er særleg opptekne av å gi eit innovativt undervisningstilbod med stor vekt på kontakt mellom lærar og student, inkorporering av ny informasjon og ny teknologi for å gi støtte til face-to-face undervisning, og ved å ha ei multidisiplinær tilnærming til programutvikling. Om lag ein tredjedel av studentane er ute i praksis som del av studiet.

Sjølv om undervisninga er det som oftast vert trekt fram, er Flinders óg eit sterkt forskingsuniversitet, og dei rangerer høgt blant australske universitet i tida som vert brukt på forsking og i talet på siteringar i meritterande tidsskrift.

Campus ligg 20 minutt sør for det sentrale business-distriktet i Adelaide, i trygge og attraktive omgjevnader. Det er gode bussamband til sentrum, shopping og til strender.

Undervisningsspråk
Engelsk.

Krav om språkkunnskapar
Krav til engelskkompetanse er minimum karakter 4 fra vidaregåande skule.

Alternativet er å ta ein engelsktest (IELTS eller TOEFL). Flinders har følgjande krav :

Krav om karakterer
Flinders krev at søkjarar har omlag C i snitt frå UiS.

Antall skoleplassar totalt
Ubegrensa

Antall gratisplassar
0

Informasjon om skulepengar
AUD 8100 for vår 2018.

Moglegheiter for stipend
Ingen kjende mogleigheiter for stipend anna enn støtta frå Lånekassen.

Semesterorganisering
Flinders har to semestre:
Semester 1: Slutten av februar-slutten av juni
Semester 2: Slutten av juli-slutten av november

Valg av emne
Sjå ein oversikt over aktuelle kurs her.

Studiepoeng i utlandet
30 studiepoeng = 18 units. Dei fleste av emna på Flinders er på 4,5 units kvar.

Bustad
Ein kan få studentbustad på campus. For informasjon om bolig og søknadsprosessen, sjekk nettsidene til Flinders.

Visum
Studenter som vil studere i Australia må søke om studentvisum på nett ved den australiske ambassaden i Berlin. Gebyret er på ca NOK 3500,-Les mer.

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor
utveksling@uis.no

---

Erfaringsrapporter – fra studenter som har vært på utveksling