en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

University of California, Berkeley - Matematikk of fysikk-avtalen

University of California, Berkeley er utvilsamt eit av verdast sterkaste universitet, med samtlege av dei akademiske greinene ranka blant verdas ti beste av Times Higher Education. Du vil garantert få fagleg utbytte av eit studieopphald her.

På nettextension.berkeley.edu

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
UC Berkeley er det eldste av dei 10 universiteta i California-systemet, og vart grunnlagt i 1868. Berkeley er ein by på om lag 100 000 innbyggere, som ligg ca. ein halv time aust for San Francisco i Nord-California. Universitetet har omlag 35.000 studentar.

Avtalen med BIPS Letters and Science
Avtalen er aktuell for studenter studerer bachelor i matematikk of fysikk. Avtalen gjelder med Physics and Math departement.

Studenter som reiser på utveklsing via denne avtalen må forberede seg på et travelt akademisk semester.

Undervisningsspråk
Engelsk

Krav om språkkunnskapar
Norske studentar har fått fritak for å dokumentere engelskkunnskapar.

Krav om karakterer
UC Berkeley har satt minimum B som snittkarakter som krav for opptak.

Antal utvekslingsplassar
4

Antal gratisplassar
0

Informasjon om skolepenger
Totalt rundt USD 11,300 per semester. UC Berkeley er på lista over universitet i USA som gir særskilt rett til støtte, noko som betyr at Lånekassen gjev støtte til heile dette beløpet i form av lån og stipend.

Stipendmuligheter
Lånekassen har gode støtteordninger for studenter som tar deler av studiet i utlandet.

Masterstudenter kan søke om stipend fra Norge-Amerika Foreningen (NORAM). Les mer. Studenter på masternivå kan også søke stipend fra U.S.-Norway Fulbright Foundation dersom studieoppholdet i USA varer ett helt år. Les mer. Merk at begge disse stipendene kun har årlige søknadsfrister.

Val av emne
Disse emnene er anbefalt for studenter som reiser til UC Berkeley.
Du må til saman ta 15 credits/units (tilsvarer 30 studiepoeng). Emna er vanlegvis på 3 eller 4 units.

Semesterorganisering
Høstsemester: August-desember
Vårsemester: Januar-mai

Studiepoeng i utlandet
30 studiepoeng = 15 credits/units (uansett nivå på denne avtalen)

Bustad
Det kan vere greitt å førebu seg på at bustadar i og rundt Berkeley er relativt dyrt, men det er vanlegvis enkelt å finne ein stad å bu, så du treng ikkje å byrje å leite før du kjem til Berkeley.

På universitetet er det eit kontor som hjelper studentar med å finne bustad. Ein kan søkje om å få bu i studentbustader ved UC Berkeley eller på International House (der kronprinsen budde det første semesteret han var på Berkeley), men det kan vere billigare å bu utanom studentbustadane.

Det kan anbefalast å bo på YMCA mens ein leitar etter ein plass å bu. YMCA ligg eit kvartal unna hjelpekontoret og BART-stasjonen i Berkeley. Ein må reservere i god tid før framkomst då det ofte er fullt ved semesterstart.

For å få ein idé om bustadprisar, er det anbefalt å besøkje Craigslist.org.

Vi vil ikkje råde studentar å bu i visse deler av bydelane Oakland og Rochester på grunn av tryggleiken her.

Visum
Alle som skal studere i USA må ha visum. Les meir.

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no

---

Erfaringsrapporter – frå studentar som har vore på utveksling