en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

University of California, Berkeley - biologisk kjemi-avtalen

University of California, Berkeley er utvilsamt eit av verdast sterkaste universitet, med samtlege av dei akademiske greinene ranka blant verdas ti beste av Times Higher Education. Du vil garantert få fagleg utbytte av eit studieopphald her.

På nett: extension.berkeley.edu

Informasjon om utdanningsinstitusjonen
UC Berkeley er det eldste av dei 10 universiteta i California-systemet, og vart grunnlagt i 1868. Berkeley er ein by på om lag 100 000 innbyggere, som ligg ca. ein halv time aust for San Francisco i Nord-California. Universitetet har omlag 35.000 studentar.

Studentar på bachelorprogrammet i biologisk kjemi kan søke om utveksling gjennom avtalen med Departments of Integrative Biology and Molecular and Cell Biology ved UC Berkeley (heretter kalla biologisk kjemi-avtalen). Avtalen gjeld kun emne som vert tilbudt av dette instituttet.

Utvekslingsprogrammet nytter seg av Concurrent Enrollment (CE), eit program som blir administrert av UC Berkeley Extension. Studentane betaler studieavgifter (redusert i forhold til ordinære studieavgifter ved ordinært opptak til UC Berkeley).

Les meir om Berkeley Biosciences Study Abroad.

Undervisningsspråk
Engelsk

Krav om språkkunnskapar
Norske studentar har fått fritak for å dokumentere engelskkunnskapar.

Krav om karakterer
UC Berkeley har satt minimum C som snittkarakter som krav for opptak.

Antal utvekslingsplassar
4

Antal gratisplassar
0

Informasjon om skolepenger
Totalt rundt USD 12,000 (høsten 2017). UC Berkeley er på lista over universitet i USA som gir særskilt rett til støtte, noko som betyr at Lånekassen gjev støtte til heile dette beløpet i form av lån og stipend.

Stipendmuligheter
Lånekassen har gode støtteordninger for studenter som tar deler av studiet i utlandet.

Val av emne
Sjå oversikt over kva emner som blir undervist ved dei to institutta:

Department of Molecular and Cell Biology
Department of Integrative Biology

UC Berkeley har også sendt oss ein oversikt som viser eit utplukk av emne som kan være særskilt aktuelle.

Semesterorganisering
Haustsemester: August-desember
Vårsemester: Januar-mai

Studiepoeng i utlandet
30 studiepoeng = 15 credits/units

Bustad
Det kan vere greitt å førebu seg på at bustadar i og rundt Berkeley er relativt dyrt, men det er vanlegvis enkelt å finne ein stad å bu, så du treng ikkje å byrje å leite før du kjem til Berkeley.

På universitetet er det eit kontor som hjelper studentar med å finne bustad. Ein kan søkje om å få bu i studentbustader ved UC Berkeley eller på International House (der kronprinsen budde det første semesteret han var på Berkeley), men det kan vere billigare å bu utanom studentbustadane.

Det kan anbefalast å bo på YMCA mens ein leitar etter ein plass å bu. YMCA ligg eit kvartal unna hjelpekontoret og BART-stasjonen i Berkeley. Ein må reservere i god tid før framkomst då det ofte er fullt ved semesterstart.

For å få ein idé om bustadprisar, er det anbefalt å besøkje Craigslist.org.

Vi vil ikkje råde studentar å bu i visse deler av bydelane Oakland og Richmond på grunn av tryggleiken her.

Visum
Alle som skal studere i USA må ha visum. Les meir.

Fleire spørsmål om utveksling?
Kontakt Internasjonalt kontor:
utveksling@uis.no

---

Erfaringsrapporter – frå studentar som har vore på utveksling