en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Lege og tannlege

Studentsamskipnaden i Stavanger har ikkje lege- eller tannlegetilbod. Alle som ønskjer det, skal likevel kunne få ein fast allmennlege å forholda seg til. Dei fleste som er busett i Norge har krav på fastlege. Tannlege må du i dei fleste tilfelle finne sjølv.

Fastlege

Dersom du er ny student ved UiS, og tilflyttar, er det mulig du må bytte fastlege. Desse gruppene har rett til å stå på ei fastlegeliste:

  • Alle personer som har folkeregistrert adresse i Norge
  • Asylsøkar som har D-nummer
  • NATO-personell som har D-nummer, og deira familie

Meir informasjon om fastlegeordninga og bytte av fastlege.

Tannlege

Fylkeskommunen har ansvaret for den offentlige tannhelsetenesta. 19- og 20-åringer får tilbod om behandling til 25 % av offentlige takster. Meir informasjon om tannhelsetenesta hjå Stavanger kommune.

Eldre studentar har ikkje rett på behandling hjå offentleg tannlege. På Tannlegerinorge.no finn du oversikt over landets tannleger, spesialister innan tannhelse og tannlegevakt i ditt fylke. Sjå også tannpleier.no

Refusjon av utgifter til lege og tannlege gjennom SiS

Du kan få refundert ein del av utgiftene dine knytt til dette. Les meir om helserefusjon på SiS sine sider