en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Trening og helse

Ønsker du å trene kan du enten nytte ulike tilbod gjennom SiS sitt sportssenter, eller delta i sportsgrupper eller idrettslige arrangement gjennom UiSI. Treng du hjelp eller støtte i samanheng med fysisk eller psykisk helse, kan du nytte SiS sitt helse- og sosialtilbod.

Trening

Studentsamskipnaden i Stavanger (SIS) sitt sportssenter har tilbod om ulike gruppetimar gjennom heile dagen, alt frå yoga og pilates til zumba, body pump, spinning, bootcamp og meir. I tillegg held dei ulike spesialarrangementa som Spinning maraton, Zumba party, ulike familiearrangement og klatrekurs. Dei har også barnepass på fastsette tidspunkt på dagen.

UiSI – Universitetet i Stavangers Idrettslag er studentidrettslaget ved Universitetet i Stavanger. Deira tilbud skal stimulera studentar i Stavangerregionen til å bli meir aktive gjennom sportsgrupper, idrettslige arrangement og andre sosiale aktivitetar.

Helse

Helse- og sosialtibodet i SiS vert ivareteke av fire psykologar og ei helsesøster. Alle studenter som har betalt semesteravgift kan nytte SiS sine helsetilbod.

SiS helse tilbyr økonomiske støtteordningar ved store helseutgifter og gir informasjon om val av fastlege. Dei kan og kontaktas for å halde kurs eller lage tilpassa opplegg vedrørande psykososiale spørsmål.