en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

NOR115_1

Nordisk språk og språkhistorie

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.


Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, med særleg vekt på tida etter 1800 og framveksten av dei to offisielle norske skriftmåla, nynorsk og bokmål.

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • ha kunnskap om periodeinndelinga i norsk språkhistorie
  • ha kunnskap om norsk språkhistorie, både den indre og den ytre, med hovudvekt på tida etter 1800
  • ha kunnskap om norsk språkpolitikk, språkplanlegging, språknormering og språkdebatt etter 1800
  • kjenna til nokre sentrale utviklingstrekk for norsk og nordisk språk, både tale og skrift, sidan mellomalderen
  • kjenna til ulike språkkulturar i Norden og viktige likskapar og skilnader mellom dei fem nordiske språka
  • kjenna til nokre grunnleggjande trekk i den norrøne grammatikken og viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk

Ferdigheit
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • kunna trekkja liner i norsk språkhistorie
  • kunna gjera greie for norsk språkutvikling (tale og skrift) og språkhistorie (indre og ytre), med hovudvekt på tida etter 1800
  • kunna gjera greie for norsk språkpolitikk, språknormering og språkdebatt etter 1800
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom norrønt og moderne norsk språk
  • kunna gjera greie for viktige likskapar og ulikskapar mellom dei fem nordiske språka og møtet mellom norsk og samisk språkkultur
  • kunna kommentera språkleg eit utval tekster på nordisk språk frå ulike tidsperiodar og setja dei inn i ein språkhistorisk samanheng
  • kunna skriva korrekt nynorsk og bokmål

Generell kompetanse
Etter å ha fullført emnet skal studenten:
  • ha innsikt i og kunna reflektera over språkutviklinga og språksituasjonen i Noreg og setja denne inn i ein vidare samanheng
  • ha utvikla gode språkhaldningar både til eige og andre sitt skrift- og talespråk

Innhald

Emnet gjev innføring i nordisk (særleg norsk) språkhistorie, både den indre og den ytre, med særleg vekt på tida etter 1800 og framveksten av dei to offisielle norske skriftmåla, nynorsk og bokmål. Norsk normeringshistorikk og språkpolitikk står her sentralt. Emnet omfattar også den indre språkutviklinga frå norrønt til moderne norsk, noko som skal medverka til samanheng i nordiskstudiet. Norrønt språk, primært studert som synkront system, er inkludert i emnet, dessutan dei andre nordiske språka (svensk, dansk, islandsk og færøysk) og andre språk i Norden. Tekstprøver som representerer ulike språk og språksteg vil bli gjennomgått.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen1/16 timerA - FNorrøn ordbok
Norrønt bøyingsskjema
Eksamensoppgåva skal skrivast på nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Skriftleg innlevering
Skriftlig innlevering. Studentane skal innan oppgjeven frist levera eit oppgåvesvar i eldre språkhistorie og norrønt på 1500 ord (+/- 10 %). Svaret skal skrivast på nynorsk. Vurdering: Greidd / ikkje greidd.
Innan oppgjeven frist kan studentane levera eit utkast til oppgåvesvar som dei vil få tilbakemelding på. Det endelege oppgåvesvaret må vera godkjent av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen.
Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjent ved første innlevering har, innan oppgjeven frist, høve til å levera éi eller fleire av oppgåvene på nytt i omarbeidd form.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Klaus Johan Myrvoll , Inge Særheim
Studiekoordinator
Margrethe Melin

Arbeidsformer

Førelesingar og meir studentaktive arbeidsformer.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Nordisk språk og språkhistorie (LNOR115_1) 15
Språk og historie (NOR130_1) 10
Språk og historie (MNOR130_1) 10
Språkleg utvikling og variasjon (ÅNO130_1) 10

Ope for

Ope for alle bachelorstudentar i nordisk ved IKS, føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt. Andre studentar som ønskjer å ta dette emnet, må søkja innan gjeldande fristar.

Internasjonale studentar kan søkja opptak til UNOR115 Nordisk språk og språkhistorie. Det akademiske innhaldet i UNOR115 er likt innhaldet i NOR115, men studentane kan velja mellom å bruka bokmål eller nynorsk i svara sine. I vurderinga vil det bli lagt vekt på fagleg innhald og kommunikativ kompetanse. Når det gjeld vurdering av språkføring, tar ein noko omsyn til den språklege bakgrunnen til studentane. Oppmelding til UNOR-emne skjer ved søknad til instituttet. Merk at UNOR-emne ikkje gir grunnlag for undervisningskompetanse. Du kan altså ikkje søkja opptak til PPU på grunnlag av UNOR-emne, og det vil framgå av vitnemålet ditt om du har teke UNOR-emne eller ordinære NOR-emne.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Litteratur/pensum blir publisert så snart det er klargjort av emneansvarleg/faglærar


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2020-2021.

Sist oppdatert: 25.10.2020

Historikk