en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

MLE355_1

Talespråk og skriftspråk: Tilstand og endring

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Meistring av språket - tale og skrift - er avgjerande for individuell utvikling og deltaking i samfunnslivet, og språket er viktig for eigen identitet som individ og for sosialt og kulturelt fellesskap. Når kvart individ på ein slik bakgrunn til ei kvar tid gjer språklege val, er det ikkje til å undrast over at både tale og skrift i eit språksamfunn vil vera i konstant endring. I dette emnet ser me nærare på den norske språksituasjonen. Kva er stoda for norsk tale og skrift i dag, og i kva for lei ser det ut til at utviklinga går?

Læringsutbytte

Kunnskap
Studentane skal
  • ha kjennskap til trekk i den alminnelege språkutviklinga, både når det gjeld tale og skrift
  • ha innsikt i utviklingstendensar i norsk talemål allment og situasjonen på Sørvestlandet særskilt
  • forstå tilhøvet mellom talemål og skriftmål allment og verknader av aktuelle endringsprosessar både i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kjenna til skriftspråkets eigenart når det blir samanlikna med talespråket.
  • ha kunnskap om etablering og vedlikehald av skriftspråk, bl.a. om skrift, skriftsystem, skriftnormalar og språkbasar
  • ha kunnskap om grunnleggjande prinsipp og ulike praksisar når det gjeld språknormering og språkplanlegging
  • ha innsikt i norsk språkpolitikk og språkutvikling i nyare tid

Ferdigheit
Studentane skal
  • kunna analysera trekk i munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • kunna beskriva og vurdera talemål, både i system- og kommunikasjonsperspektiv
  • kunna jamføra språkutviklinga i Noreg med det som skjer i andre land
  • kunna drøfta den sosiale funksjonen av bruk og endringsmønster i tale og skrift
  • kunna reflektera systematisk over utviklinga og statusen til norsk språk - særleg skriftspråk - i vår tid, og over faktorar som styrer språkutviklinga
  • kunna nytta ulike kunnskapsbasar, både elektroniske og papirbaserte, som inneheld opplysningar om norsk språk og språkutvikling

Generell kompetanse
Studentane skal
  • kunna gjera greie for tilhøvet mellom talespråk, skriftspråk, skriftkunne, skriftkultur og språkpolitikk i Noreg og nordiske granneland

Innhald

Emnet tek opp sentrale spørsmål som gjeld munnleg språkutvikling og -endring. Både språk- og dialektperspektivet vil stå sentralt, men det blir óg lagt vekt på å vise korleis skiljet mellom språk og dialekt ikkje alltid er like relevant i samband med taleutvikling. Talemålssituasjonen i dagens Noreg vil stå sentralt, og tilhøva på Sørvestlandet vil bli særleg tematisert, men det blir også lagt vinn på å sjå den norske utviklinga i lys av variasjons- og endringsmønster i andre land.
Med utgangspunkt blant anna i talemålsutviklinga, treng skriftspråket kontinuerleg vedlikehald bygt på systematisk observasjon og dokumentasjon av språkutviklinga og språkbruken i samfunnet, og emnet tek også opp slike aspekt. Sentralt i denne samanhengen er tilgang til elektroniske tekstkorpus og andre korpusbaserte språkbasar (ordbøker, språksamlingar, arkiv). I eit språksamfunn finst det både offisielle normer og subnormer som er etablerte av private aktørar. Ein kan skilja mellom dei preskriptive normene og eit kompleks av uformulerte og sosialt forankra operative normer som òg styrer språkbruken. Båe normsetta er forankra i sosiale og politiske maktstrukturar. Språkplanlegging og språknormering er ein del av den offisielle språkpolitikken. Norsk språkpolitikk omfattar òg medvit om påverknad frå andre språkkulturar, særleg engelsk språk, som følgje av kulturell og økonomisk posisjon.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

NOR110 Språkstruktur, NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Essay1/1 A - FAlle.
Omfang på essay: 6000 ord +/- 10 %, ikkje inkludert litteraturliste.
Hugs at emneplanen for MLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i studiet må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Jan Kristian Hognestad
Faglærar
Inge Særheim
Studiekoordinator
Signe Ekenberg

Arbeidsformer

Forelesingar

Ope for

Lektorutdanning for trinn 8-13
Nordisk og lesevitskap - masterstudium - deltid
Nordisk og lesevitskap - masterstudium

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar bland anna studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Andersen, G. 2006: Engelske importord i norsk. (Språkrådets nettsider).
- . 2011: Finisj eller finish? Norvagisering femten år etter norvagiseringsvedtaket. (Språkrådets nettsider).
Brunstad, E. 1995: Nasjonalisme som språkpolitisk ideologi. (Noregs forskingsråd. KULTs skriftserie 36. 155-187).
Dyvik, H. 2009: Normering i den post-samnorske æra. (H. Omdal & R. Røsstad (red.): Språknormering - i tide og utide? 109-121. Oslo: Novus).
Fjeld, R.V. & Vikør, L.S. 2008: Ord og ordbøker. (R.V. Fjeld & L.S. Vikør: Ord og ordbøker. 123-143 233-250. Kristiansand: Høyskoleforlaget).
Faarlund, J.T. 1995: Bokmålet - noko heilt særnorsk. (Kronikk i Dagbladet 20.6.1995).
Grønvik, O. 2007: Ordbøker - kva har vi, og kva kan vi bruke dei til? (Språkrådets nettsider).
- . 2007: Ordbøker - kva har vi? Definisjonsordbøker for norsk. (Språkrådets nettsider).
Hagland, J.R. 2005: Literacy i norsk seinmellomalder. (104-110. Oslo: Novus).
Holm-Olsen, L. 1990: Med fjærpenn og pergament. (61-88. Oslo: Cappelen).
Hårstad, Stian og Toril Opsahl: Språk i byen. Utviklingslinjer i urbane språkmiljøer i Norge. Fagbokforlaget/LNU 2013. Kapittel 1, 2, 3 og 5 (110 sider).
Kinn, T. 2012: Nygammal nynorsk for deg og meg. (Bergens Tidende. Kronikk 5.6.2012).
Knudsen, K. 1876: Den landsgyldige norske uttale. (A. Torp & L.S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 190-194. Oslo: Gyldendal).
-. 1886: Hvem skal vinne? (A. Torp & L.S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 198-200. Oslo: Gyldendal).
Mæhlum, Brit: Konfrontasjoner. Når språk møtes. Novus 2007. Del II: Kontakt innenfor ett og samme språk, s. 37-124 (85 sider).
Mæhlum m.fl.: Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Cappelen Akademisk 2998 (2. utgave). Kapittel 1,3,4, 9-11. (115 sider).
Nymark, J. & Theil, R. 2011: Dei ukuelege språka - språkpolitikk og språksituasjonar. (11-31, 250-268. Bergen: Fagbokforlaget).
Ny bokmålsrettskrivning fra 2005. (Språkrådets nettsider).
Ny nynorskrettskriving frå 2012. (Språkrådets nettsider).
Omdal, H. & Vikør, L.S. 1996: Språknormer i Norge. (143-165. Oslo: Cappelen).
Omdal, S.E. 2012: Kristus ut av kalenderen. (Stavanger Aftenblad. Kronikk 10.11.2012).
Papazian, E. 2012: Språkreformatoren Knud Knudsen. (Språkrådets nettsider).
Robinson, A. 2007: The Story of Writing. (159-181. London: Thames & Hudson).
Sandøy, H. 1977: Island: Historia ligg gjømt i språket. (L.S. Vikør (red.): Språkpolitikk på fem kontinent. 75-98. Oslo: Det norske samlaget).
-. 2000: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. (13-27, 141-154. Oslo: Cappelen).
-. 2009: Standardspråk - kultur og ukultur. (H. Omdal & R. Røsstad (red.): Språknormering - i tide og utide? 215-226. Oslo: Novus).
Språkstatus 2012. (Språkrådet).
St.meld. nr. 35 (2007-2008). Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.
Særheim, I. 2009: Ryger ristar runer. (AmS Småtrykk 81. 5-27).
-. 2009: Gjedrem eller Geitreim, Straen eller Stranden? Nokre utfordringar ved normering av norske stadnamn. (H. Omdal & R. Røsstad (red.): Språknormering - i tide og utide? 229-240. Oslo: Novus).
Theil, R. Fonetikk og fonologi. (I.B. Budal: Språk i skolen. 62-77. Bergen: Fagbokforlaget).
Trudgill, Peter: Dialects in Contact. Blackwell 1986, kapittel 1,2 og 3 (125 sider)
Trudgill, Peter: Sociolinguistic typology: social determinants of linguistic complexity. Oxford University Press 2011. Kapittel 1-4 og 6. (160s.)
Trudgill, P. 1974: Språk och social miljö. (173-179. Stockholm: Norstedt).
Vannebo, K.I. 1984: En nasjon av skriveføre. (1-13. Oslo: Novus).
Vikør, L.S. 2007: Språkplanlegging. Prinsipp og praksis. 71-124, 151-188.
Walton, S. 1984: Innleiding. (J. Gjerdåker (red.): Om grunnlaget for norsk målreising. 7-33. Voss: Vestanbok forlag).
Aasen, I. 1836: Om vort Skriftsprog. (A. Torp & L.S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 148-150. Oslo: Gyldendal).
-. 1864: Norsk Grammatik. (A. Torp & L.S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 164-168. Oslo: Gyldendal).
Tilleggslitteratur om språktilhøve i Rogaland. Desse titlane er ikkje å rekne som pensum, men det er likevel viktig at studentane orienterer seg om språksituasjonen i regionen vår, og slikt som er skrive om emnet i eldre og nyare tid:
Berntsen, Mandius og Amund B. Larsen: Stavanger bymål. Opprinnelig utgave 1925, fotografisk opptrykk med ny innledning av Olav Hetland Sandvik og Per-Bjørn Pedersen utgitt av Det Norske Samlaget 1978.
Svendsen, Martin: Syntaksen i Stavanger bymål. Bymålslaget/Aschehoug 1931.
http://www.nb.no/nbsok/nb/9daedca0d9939a7c974ba60b93a2482e.nbdigital?lang=no#1
Bøe, Per Sigmund Sævik: Språkendringer sør på Jæren. En sosiolingvistisk studie i virkelig tid fra Ogna. Upublisert masteroppgave, UiB 2013.
http://www.academia.edu/5687831/Masters_Thesis_in_Sociolinguistics_May_2013
Gabrielsen, Finn: Haugesund bymål. Alvheim & Eide 1991.
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2007081301088
Ims, Charlotte Sol: Sandnes i skyggen av Stavanger - en sosiolingvistisk undersøkelse av Sandnes-mål - med utgangspunkt i utvalgte språklige variabler. Upublisert masteroppgave, UiA 2010.
http://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/handle/11250/139375/1/Charlotte%20Sol%20Ims.pdf
Sandvik, Olav Hetland: Talemål i Rogaland - i går, i dag og i morgon. Om uttale, bøying og ordtilfang i Rogalands-målet. Rogalandsforskning, rapport nr. 1-1979.
http://www.nb.no/nbsok/nb/c1eb27b25b802b85298fd2736125e5eb.nbdigital?lang=no#0
Gabrielsen, Finn: Eg eller je? Ei sosiolingvistisk gransking av yngre mål i Stavanger. Novus 1984.
http://www.nb.no/nbsok/nb/46497b32fd00c7ec7f68ffac9ccf8c61#0
Aasen, Kristine Nymark: Stavanger-dialekten 30 år etter. Ei sosiolingvistisk oppfølgingsgransking av talemålet i Stavanger. Upublisert masteroppgave, UiB 2011.
http://folk.uib.no/hnohs/DEP/Kristine%20Aasen.pdf


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 19.09.2019

Historikk