en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

LNOR360_1

Fordjuping i nordisk med bacheloroppgåve

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum i samråd med fagleg ansvarleg. Kurset starter med ei intensiv forelesingsfase som presenterer relevante forskingsfelt for oppgåveskrivinga i både språk og litteratur.

Læringsutbytte

Språkleg del

Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • ha skaffa seg kunnskapar om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking
  • ha tileigna seg relevant teoristoff og kjenna sentrale delar av forskingshistorikken innom emnet for undersøkinga
  • kunna gjennomføra materialinnhenting til undersøking av eit språkleg spørsmål
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving


Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma


Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale
  • ha evne til å gjennomføra ei fagleg undersøking og presentera denne i ei oppgåve


Litterær del

Kunnskaper
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • kunna sjølvstendig analysera litterære tekster i lys av teoretisk kunnskap. Emnet bygger på et utvida tekstomgrep så som det vert implementert i studiet
  • ha djuptgåande kunnskap om teoridanninga innanfor eit spesialisert område


Ferdigheiter
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • kunna formulera ei problemstilling
  • kunna planlegga og strukturera ei større vitskapleg oppgåve
  • kunna anvenda teoretisk tenking til praktiske ferdigheiter
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst


Generell kompetanse
Etter å ha fullført dette emnet skal studentane:
  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver
  • ha evne til kritisk tenking
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis
  • kunna overføra fortolkingskompetansen på andre samfunnsområde
  • ha innsikt i betydninga av tekstuelle element i definisjons- og maktspørsmål

Innhald

Studentane skal skriva ei bacheloroppgåve med språkleg eller litterær problemstilling. Dei vel emne, tekstgrunnlag og særpensum i samråd med fagleg ansvarleg. Framlegg til tittel og problemstilling for bacheloroppgåva og utkast til bacheloroppgåve skal leverast innan oppgjeven frist. Kurset starter med ei intensiv forelesingsfase som presenterer relevante forskingsfelt for oppgåveskrivinga i både språk og litteratur.

Forkunnskapskrav

Eit av dei følgjande kravalternativ:
  • LNOR115 Nordisk språk og språkhistorie, LNOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, LNOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
  • LNOR176 Språkstruktur og språkvariasjon, MNOR120 Tekst i kontekst, MNOR130 Språk og historie, MNOR140 Litterær analyse, MNOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
  • LNOR175 Språkstruktur og språkvariasjon, MNOR120 Tekst i kontekst, MNOR130 Språk og historie, MNOR140 Litterær analyse, MNOR150 Språk og litteratur i teori og praksis
Minimum 50 studiepoeng i nordisk på innføringsnivå.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Fordjupning i nordisk med bacheloroppgåve1/1 A - FAlle.
Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 6000 ord +/- 10%. Oppgåva skal skrivast på bokmål eller nynorsk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppgåveseminar 75%, Innlevering av tittel og problemstilling, Innlevering av utkast, Obligatorisk veiledning
Oppgåveseminar med obligatorisk deltaking (75 %). Innlevering av tittel og problemstilling innan gitte fristar. Innlevering av utkast til oppgåve innan gitte fristar. Obligatorisk veiledning.
Alle obligatoriske undervisningsaktivitetar må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.
Studentar har ikkje krav på nye rettleiingstimar ved nytt eksamensforsøk/nytt opptak.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Klaus Johan Myrvoll
Faglærar
Andreas Benedikt Jager
Studiekoordinator
Anne Siri Norland , Anne Marie Nygaard

Arbeidsformer

Seminar, oppgåveseminar og individuell rettleiing.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Fordypningsoppgave nordisk (LNOR370_1) 15

Ope for

Ope for alle Lektorprogram-studentar ved Institutt for kultur- og språkvitskap (IKS), føresett at kravet om forkunnskap er oppfylt.

Emneevaluering

Evalueringar utgjer ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. Systemet på IKS omfattar studentevaluering av undervisninga.

Litteratur

Særpensum til bacheloroppgåva skal avtalast i samråd med ansvarleg faglærar og skal vera godkjent av faglæraren.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 13.11.2019

Historikk