en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

ELE340_1

Datamaskinkonstruksjon

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt. Ein legg vekt på prosjektstyring og tverrfagleg arbeid. Emnet er laboratorieintensivt, og forelesningar blir gitt av utvalde tema.

Læringsutbytte

Kunnskap:
  • Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt kan konstruerast.
  • Vite korleis ein kan laga grensesnitt mot eksterne komponentar.

Dugleik:
  • Kunne planlegga eit enkelt utviklingsprosjekt samt rapportera og styra dette.
  • Kunne spesifisera, analysera og detaljutvikla maskin- og programvare for eit enkelt IBS.
  • Kunne teikna, leggja ut, produsera, montera og testa enkle kretskort med eitt eller to lag.
  • Kunne diskretisera og realisera enkle signalbehandlings- og reguleringsalgoritmer som kode i eit IBS.

Generell kompetanse:
  • Heilskapleg forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system i globalt livsløpsperspektiv med hovudvekt på innebygde system.

Innhald

Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt.
Plattform for IBS vil vera mikrokontrollerkortet STM32F3Discovery basert på ARM Cortex-M4.
Nokre tema: Prosjektstyring. Seriell kommunikasjon. Analog/digital-omforming. Pulsbreiddemodulasjon. Krafttransistor. Kraftforsyning/spenningsregulator. Implementasjon av signalbehandlings- og reguleringsalgoritmar i mikrokontroller. Støy EMI og EMC. Elektronikkonstruksjon.
Arbeidet krev at ein knyttar saman kunnskap frå ei rekkje fagfelt, og prosjektstyring er eit sentralt element i utviklingsarbeidet.

Forkunnskapskrav

DAT100 Objektorientert programmering, ELE100 Elektroteknikk 1, ELE210 Datamaskinarkitektur, ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne - Data og elektro

Tilrådde forkunnskaper

ELE200 Elektroteknikk 2, ELE300 Signal og system

Eksamen/vurdering

Ein skriftleg eksamen og prosjektrapport
Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg eksamen2/53 timerA - FAlle.1)
Prosjektrapport3/5 A - F
Prosjektrapporten dokumenterer prosjektarbeidet. Prosjektrapporten kan skrivast i gruppe eller individuelt. Viss rapporten er skriven av ei gruppe, vil alle deltakarane i gruppa få felles karakter.
1) Alle trykte eller handskrivne hjelpemiddel er tillatne. Alle kalkulatorar tillatne.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar, Laboratorieøvingar
Obligatoriske arbeidskrav (som innlevering, laboratorieoppgåver, prosjektoppgåver og lignende) skal vera godkjende av faglærar innan angitt frist.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Kristian Thorsen
Ansvarleg laboratorieøvingar
Jon Fidjeland
Instituttleiar
Tom Ryen

Arbeidsformer

4 timar forelesing og 4 timar obligatorisk laboratoriearbeid/rekneøving pr.veke. .

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Systemkonstruksjon (BIE110_1) 5
Digital og analog elektronikk (BIE230_1) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_1) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_A) 5

Ope for

Bachelornivå på Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet.

Grunna laboratoriefasilitetar og utstyr er talet på studentar i emne avgrensa.

Opptak vært avgjere på grunn av progresjon i studiet og karakterar.

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer

Litteratur

Paul Horowitz and Winfield Hill: "The Art of Electronics". 3 utgåve, Cambridge.
Joseph Yiu: "The Definitive Guide to ARM® Cortex®-M3 and Cortex®-M4 Processors". 3.utgåve, Newnes 2013.
I tillegg ymse elektroniske artiklar og notat som gjøres tilgjengelig på Canvas.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 17.08.2019

Historikk