en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

ELE210_1

Datamaskinarkitektur

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Overordna datamaskinstruktur, innebygde system. Grunnleggjande digitalteknikk: Transistor, logisk krets, talsystem, sentrale logiske funksjonar, programmerbar elektronikk. Maskinvare: Mikroprosessorar og mikrokontrollerar med vekt på ARM, minne, timer, avbrot, seriell og parallell kommunikasjon. Programvare: Lågnivå- og høgnivåprogrammering, programstrukturar, sanntidssystem, operatørgrensesnitt.

Læringsutbytte

Kunnskap:
  • Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt er oppbygd. - Vite korleis grunnleggjande programstrukturar er. Vite kva som ligg i omgrepet sanntidsoppførsel.

Dugleik:
  • Kunne realisera grensesnitt mellom parallell- og serieportar i ein mikrokontroller og eksterne komponentar. - Kunne både utvikla overordna programvarestruktur og kode for eit enkelt IBS basert på ein spesifikasjon av ønskte funksjonar. - Kunne realisera enkel digital støtte-elektronikk til ein mikrokontroller.

Generell kompetanse:
  • Fundamental forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system.

Innhald

Innleiing: Overordna datamaskinstruktur, innebygde system. Grunnleggjande digitalteknikk: Transistor, logisk krets, talsystem, sentrale logiske funksjonar, programmerbar elektronikk. Maskinvare: Mikroprosessorar og mikrokontrollerar med vekt på ARM, minne, timer, avbrot, seriell og parallell kommunikasjon. Programvare: Lågnivå- og høgnivåprogrammering, sanntidssystem, operatørgrensesnitt.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

DAT100 Objektorientert programmering, ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne - Data og elektro

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg prøve1/14 timerA - FAlle trykte eller handskrivne hjelpemiddel tillatne. Alle kalkulatorar tillatne.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar, Laboratorieøvingar
5 av 8 rekneøvingar, samt 6 av 7 laboratorieøvingar må vera godkjende innan angitt frist før ein kan gå opp til eksamen.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Morten Tengesdal
Ansvarleg laboratorieøvingar
Jon Fidjeland
Instituttleiar
Tom Ryen

Arbeidsformer

3 timar forelesing, 2 timar rekneøvingar og 3 timar obligatorisk laboratoriearbeid pr.veke. Obligatoriske arbeidskrav (som innlevering, laboratorieoppgåver, prosjektoppgåver og liknande) skal vera godkjende av faglærar innan 3 veker før eksamensdato.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Digital og analog elektronikk (BIE230_1) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_1) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623_A) 5
Digitalteknikk (BIE260_1) 5

Ope for

Bachelornivå på Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet.

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Tengesdal: "Frå transistor til datamaskin". Notat frå UiS, 4. april 2018. ISBN 1504-4939.
Ymist elektronisk tilleggsmateriale gjort tilgjengeleg via Canvas.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 16.12.2019

Historikk