en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

ELE200_1

Elektroteknikk 2

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Emnet skal gi ei innføring i vidaregåande elektrotekniske emner. Sentralt her er dynamisk oppførsel av elektriske kretsar av 2. orden. Teoretisk grunnlag for og praktisk bruk av forsterkarar, filter og krafttransistorar har og stor plass. Ein legg dermed grunnlaget for emner som Reguleringsteknikk, Instrumenteringsteknikk og Datamaskinkonstruksjon og gir eit nødvendig grunnlag for bacheloroppgåver på elektronikk samt deltaking i dei studentdrivne prosjekta på UiS.

Læringsutbytte

Kunnskap:
Studentane skal
  • etter å ha fullført emnet, ha tileigna seg kunnskaper i å analysera og dimensjonera enkle elektroniske kretsar. Dei skal også ha fått ei grunnleggjande innføring i karakteristikkar, og eksempel på bruk av ein del viktige elektroniske komponentar.
  • ha kunnskapar om A/D-omforming samt generering av styresignal vhja ein mikrokontroller. Dei skal også ha kunnskap om enkle svitsja forsterkarar basert på krafttransistorar.

Dugleik:
Studentane skal
  • kunne finna transientresponsen til ein RLC-krets.
  • kunne finna overføringsfunksjon og frekvensrespons for ein krets og konstruera eit Bode-plot for kretsen.
  • forstå grunnleggjande spesifikasjonar og karakteristikkar for ein forsterker (eks.: utgangs- og inngangsimpedans, frekvensrespons, forvrengning, linearitet og tomgangstillegg.)
  • kunne analysera og dimensjonera enkle analoge filter samt svitsja kapasitans-filter.
  • kunne bruka ein operasjonsforsterkar generelt og ein instrumenteringsforsterkar spesielt for å lage forsterkarkoblingar med ulike eigenskapar.
  • kunne analysera og dimensjonera ein krafttransistor.
  • kunne setja opp ein A/D-modul og ein PWM-modul i ein mikrokontroller.
  • kunne dimensjonera og implementera enkle digitale filter i ein mikrokontroller.

Generell kompetanse:
  • Etter å ha tatt dette emnet vil studenten ha etablert ei grunnleggjande forståing av korleis enkle elektroniske kretsar er bygd opp og verkemåten for desse.

Innhald

Kretsanalyseteknikker, overføringsfunksjonar, frekvensrespons, Bode-plot, resonans.
Forsterkarteori: tilbakekobling, forsterking, tomgangstillegg, frekvensrespons, linearitet.
Operasjonsforsterkarar: eigenskapar og bruk. Instrumenteringsforsterkaren.
Sampling. Nedfalding. Analoge filter. Svitsja kapasitans-filter (SCF).
Analog til digital-omforming av signal. AD-modul i ein mikrokontroller.
Litt om digitale filter. Implementasjon i ein mikrokontroller.
Krafttransistorar av MOSFET-type.
Pulsbreiddemodulasjon (PWM). PWM-realisering i ein mikrokontroller.
Optiske enkodarar. Litt om motorstyring.
Støymekanismar. EMC.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

ELE100 Elektroteknikk 1, ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne - Data og elektro

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg eksamen1/14 timerA - FAlle trykte eller handskrivne hjelpemiddel tillatne. Alle kalkulatorar tillatne.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Rekneøvingar, Laboratorieøvingar
5 av 8 rekneøvingar samt 8 laboratorieøvingar må vera godkjende for å få gå opp til eksamen.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort.
Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Morten Tengesdal
Ansvarleg laboratorieøvingar
Romuald Karol Bernacki
Instituttleiar
Tom Ryen

Arbeidsformer

3 timar forelesing, 2 timar rekneøvingar og 3 timar obligatorisk laboratoriearbeid kvar veke i gjennomsnitt.
Obligatoriske arbeidskrav (som rekneøvingar, laboratorieoppgåver, prosjektoppgåver og liknande) skal vera godkjende av faglærar innan angitt frist.I praksis må då alt øvingsarbeid vera fullført seinast i løpet av siste veka med forelesingar, jfr. det som er spesifisert over:
"Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort."

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Elektroteknikk (BIE210_1) 5
Elektroteknologi (BIE280_1) 5
Elektroteknologi (TE0091_A) 5
Digital og analog elektronikk 1 (TE0622_A) 5
Elektroteknologi, maskin (BIM330_1) 5
Grunnleggjande krins- og signalanalyse (BIE220_1) 5

Ope for

Bachelornivå på Det teknisk- naturvitskaplege fakultetet.

Emneevaluering

Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer.

Litteratur

Allan R. Hambley: Electrical Engineering, Principles and Applications, 7. utgåve, 2014.
I tillegg ymse elektroniske artiklar og bokutdrag gjort tilgjengeleg via Canvas.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 14.11.2019

Historikk