en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Forskingsteori og metode - BSS120

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Produksjon av kunnskap, i arbeid og fritid, som i forsking, gjer seg nytte av særskilte tenkemåtar og prosedyrar. Forskingsmetode er ei fellesnemning for framgangsmåtar vi nyttar i arbeidet med å få kjennskap til det ukjente - og for å stille spørsmål ved etablert kunnskap. Emnet gir størst plass til metoderetningar som set oss i stand til å skjøne meir av innhaldet i og meininga ved sosiale hendingar og fenomen.

Læringsutbytte

Ved fullført emne ventar vi at studentane skal ha kunnskap, kvalifikasjonar og kompetanse som dette:
Kunnskap om
  • Krav til vitskapleg arbeid, produksjon av kunnskap og formidling av slik innsikt
  • Det indre samspelet mellom tema / problemstilling, forskingsspørsmål, metodeverktøy og formidlingsmåte
  • Ulike metodologiske posisjonar og metodetradisjonar
  • Det usikre og fleirtydige ved forskingsprodusert viten
  • Gjeldande forskingsetiske normer for forskarens møte med samfunnet, informantar og kollegaer
  • Samfunnsansvaret som kviler på dei som rår over forskingsbasert kunnskap

Kvalifikasjonar
  • Kunne utvikle tema, problemstillingar og spørsmål om sosiale fenomen til operative opplegg for forskingsbaserte studiar
  • Evne å gjennomføre enkle kunnskapsgivande prosjekt etter metodebaserte prosedyrar
  • Kunne lese vitskaplege fagtekstar på innsiktsfull måte
  • Vurdere gode og svake sider ved forskingsgenerert kunnskap

Generell kompetanse
Vere i stand
  • til å gi kunnskapsbasert innsikt rang framfor fordomar, tru eller andre autoritetars krav på å forvalte "Sanninga"
  • til å vise interesse for og tolmod i arbeidet med å skjøne kvifor andre personar og tradisjonar har utvikla alternativ kunnskap og meining
  • til å justere eller vrake eigne kunnskapsposisjonar i møte med ny viten

Innhald

I samtale med radiojournalisten fortel nokre jenter på tolv år: "Når gutane vil vise oss at dei likar oss spesielt godt, tek dei ranslane våre frå oss, og så tømer dei alt innhaldet utover fortauet." Å tolke observasjonar er eit vesentleg tema i læra om forskingsmetodar. Emnet drøftar korleis forskarar og fag i samspel med informantar og samfunn søkjer etter meiningsdimensjonen ved menneskelege handlingar. Jentene i radioen gav reportaren god hjelp til å flytte observasjonen frå kategorien ´mobbing´ til kategorien ´flørt´.
I daglegliv - i jobb og fritid - og i forsking, har vi bruk for å vite korleis vi skal vinne både betre forståing av innhaldet i sosiale fenomen, og tryggare kunnskap om kor vanleg fenomena er. Emnet handlar om ulike måtar å gå fram på for å få slik forståelse og kunnskap.
Berre få av dei som studerer emnet Forskingsteori og metode, kjem til å ha forsking som yrke. Såleis skal kurset gi både grunnlagsperspektiv og eit utval bruksretta metodar til nytte også i eit kunnskapsbasert arbeidsliv, og for den enkelte som skal skjøne sin plass og funksjon i familie, arbeidsliv og på fritid.
Gjennom lesing av pensum, deltaking i forelesingar og gruppearbeid skal studentane vinne kunnskap om vitskaplege arbeidsmåtar. Ved å kople aktuelle utfordringar til relevant faglitteratur, skal dei evne å formulere forskingsretta problemstillingar. Dei skal kjenne aktuelle bruksmåtar av ulike metodereiskapar ved innsamling, analyse og tolking av empirisk materiale. Deltakarane vil få eit bruksretta forhold til grunnleggande omgrep innan samfunnsvitskapleg metodelære, gjere velgrunna metodeval, formulere kritiske vurderingar av kjelder, data, analysar og etablerte sanningar. Ved kjennskap til forskingsetiske verdiar og retningsliner skal studentane vere budde på å handtere etiske utfordringar i forskarfellesskapet og i samspelet mellom forskar, informant og det allmenne samfunnet.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg skuleksamen1/15 timerA - FInga hjelpemiddel tillate
Eksamensoppgåvene vil vere forankra i pensum. Bruk av resonnement og eksempel frå forelesingane vil telje positivt ved vurderinga av svar på oppgåvene.
Ekamensbesvarelsen kan leveres på bokmål, nynorsk eller engelsk.

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Katharina Sass , Dian Liu
Studiekoordinator
Turid Rødne
Faglærar
Helga Hiim Stålhane

Arbeidsformer

Undervisninga i emnet er forelesingar, supplert med gruppearbeid, Gruppene kan levere skriftlege svar på oppgåver, med kommentarar frå faglærar. Emnet føreset sjølvstendig arbeid, der studentane deltek i undervisninga, les pensum og jobbar med skriftlege oppgåver.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Samfunnsvitenskaplig metode med EDB-øvingar (ØK0284_1) 10
Samfunnsvitskapleg tenking og metode (BSP120_1) 10
Forskingsteori og metode (BKK220_1) 10

Ope for

Sosiologi - bachelorstudium
Statsvitskap - bachelorstudium
Sosiologi - årsstudium

Emneevaluering

Studentevalueringfinn stad i samsvar med praksis på fakultetet.

Litteratur

Det vert teke atterhald om justeringar i litteratur/pensum. Eventuelle endringar vert gjort kjende på Canvas seinast innan semesterstart.
Knut Halvorsen. siste utgåve; Å forske på samfunnet. En innføring i samfunnsvitenskapelig metode. Cappelen akademisk forlag. Oslo.
Cato Wadel 2014: Feltarbeid i egen kultur, Cappelen Dam. Oslo
Tor Halfdan Aase og Erik Fossåskaret 2014: Skapte virkeligheter. Om produksjon og tolkning av kvalitative data. Universitetsforlaget. Oslo.


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 24.06.2019

Historikk