en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

BIO906_1

PhD Prosjektemne i Molekylær kreftbiologi

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Kurset gjer greie for tumor- og kreft-terminologi, celle-transformasjon, tumor-progresjon/invasjon, metastasering, vekstfaktorar/reseptorar, signaltransduksjon, cellesykluskontroll, (proto)onkogenar, tumorsuppressor-genar, mutagenese/karsinogenese/initiering, DNA-reparasjon, apoptose, kreft-immunologi, telomerase og cellulær krise, angiogenese og molekylær kreftbehandling.

Læringsutbytte

Kurset skal gi studenten kunnskap om dei molekylære og cellulære mekanismar viktige i tumor- and kreftbiologi. Det kan føra til ei djupare forståing for korleis framtidig kreftbehandling og diagnose går føre seg.

Innhald

Kurset byrjar med tradisjonell tumor- og kreft-terminologi. Grunnen til kurset er å få læra studenten den molekylære biologien kring celle-transformasjon, tumor-progresjon/invasjon og metastasering. Dette betyr skildring av ulike vekstfaktorar/reseptorar og signaltransduksjon kor cellesykluskontroll er regna med. Det kan sei korleis onkogenar dannast frå proto-onkogenar og kor viktige tumorsuppressor-genar er. Karsinogenese blir forklart på gen-nivå med drøfting av mutagenese og DNA-reparasjon som klargjev ordet initiering, i tillegg til på cellenivå pga. omdanninga av proto-onkogenar til onkogenar og inaktivering av tumorsuppressor-genar, kor dei to sist nemnde prosessar går føre seg i fleire trinn. Viktig er også cellulære forsvarsmekanismar som apoptose og immunsystemet i tillegg til relasjonen mellom telomerase og cellulær krise. Tumorane sin cellulære organisasjon og kommunikasjon mellom tumorceller og andre slags celler samt angiogenese vil bli presentert. Kurset sluttar av med å gå igjennom prinsipp for molekylær kreftbehandling kor cellulære prosessar/molekyl som kan påverkast og/eller inaktiverast blir presenterte. Kurset inneheld eit praktisk-orientert prosjektarbeid særskilt knytta til PhD utdanninga innan kreftbiologi.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Tilrådde forkunnskaper

Må kunna grunnprinsippa i molekylærbiologi.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Prosjektoppgåve1/1 Greidd - Ikkje greidd

Fagperson(ar)

Faglærar
Arne Klungland, Oddmund Nordgård
Emneansvarleg
Svein Bjelland

Arbeidsformer

Forelesingar, maks 8 timer pr uke, samt eit praktisk-orientert prosjektarbeid særskilt knytta til PhD utdanninga innan kreftbiologi.

Ope for

Teknologi og naturvitskap - doktorgradsprogram

Litteratur

Robert A. Weinberg "The Biology of Cancer", 2nd Edition, 2014, Garland


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 13.11.2019

Historikk