en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

BIO590_1

Vidaregåande celle og kreftbiologi

Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.


Kurset er ei vidareføring av BIO310 "Grunnleggande molekylær kreftbiologi" og held fram med å skildra karakterer til stamceller, epigenetikk, telomerane si rolle i aldringa av cellene/cellulær krise og tumor-progresjon/invasjon. Ulike cellulære interaksjonar som angiogenese er drøfta, og spesielt grundig immunsystemet, likeeins korleis immunsystemet både kan forsvara oss mot og stimulera utvikling av sjukdom. Kurset skildrar og DNA-skader/reparasjon og mutagenese.

Læringsutbytte

Studenten skal ha nok kunnskap til å kunne diskutera viktge molekylære og cellulære mekanismar i normale celler og kreftceller.

Innhald

Kurset drøftar epigenetikk, stamceller, molekylær og cellulær immunologi, hererotypisk interaksjon og angiogenese, DNA-reparasjon og mutagenese, telomerase og cellulær krise og tumor-progresjon/invasjon/metastasering.

Forkunnskapskrav

Ingen.

Eksamen/vurdering

Vekt Lengd Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg, avsluttande eksamen1/1 A - F

Fagperson(ar)

Emneansvarleg
Svein Bjelland

Arbeidsformer

Førelesninger, kollokvier, spørsmål/oppgåver

Ope for

Biological Chemistry - Master of Science Degree Programme

Litteratur


Lenke til pensumlitteratur - våren 2020


Vi gjer oppmerksam på at dette er studieinformasjon for studieår 2019-2020. Endringar kan skje.

Sist oppdatert: 13.11.2019

Historikk