en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium


Institutt for språk- og kulturvitskap (IKS) har studietilbod innanfor dei klassiske humanistiske skulefaga historie, religionsstudie, engelsk og nordisk. Ein bachelor frå IKS er ein treårig universitetsgrad på til saman 180 studiepoeng som er sett saman av to av desse faga: fag 1 (minst 80/90 studiepoeng) og fag 2 (minst 60 studiepoeng). I tillegg kjem forprøvane ex.phil og ex.fac, som er obligatoriske, og dessutan minst 15 studiepoeng i valfrie emne.

Læringsutbytet vil variera alt etter kva kombinasjon av fag og emne du vel (les meir om læringsutbyte under dei enkelte emna). Evna til korrekt og medviten bruk av kjelder står sentralt i den vitskaplege tradisjonen, same kva fagkombinasjon du tek. Du vil også få trening i å presentera fagstoffet skriftleg og munnleg.

Ein bachelor i nordisk språk og litteratur inneber at nordisk er ditt fag 1 (90 studiepoeng). Studiet er eit fagleg fundament for kunnskap om nordiske språk (særskildt norsk) og nordisk litteratur, i fortid og samtid.

Eit overordna mål er å gjera deg i stand til å analysera ulike typar tekstar på ein fagleg kompetent måte, slik at du syner ei grundig forståing av eit utval relevante fagomgrep. Analytisk tekstarbeid og refleksjon over språklege, retoriske og litterære verkemiddel står sentralt i dette arbeidet. Nordisk er eit godt utgangspunkt for tverrfaglege studiar. Som fag 2 kan du velja engelsk, religionsstudiar, historie eller (avhengig av ledige plassar) samfunnsfag. Du kan søkja innpass av andre fag som fag 2.

Arbeidsformer

Det faglege arbeidet føregår gjennom førelesingar, seminar, gruppearbeid, individuell rettleiing, sjølvstendige studiar, tekstanalysar og skriveprosessar; samt munnlege og skriftlege øvingar. Det blir oppretta grupper for kollokvieverksemd i høve gruppeinnleveringane, og oppmoda til ytterlegare kollokvieverksemd utover det.

Vurderingsformer

Kunnskap og ferdigheiter blir formelt og uformelt vurdert undervegs og ved slutten av kvart emne (sjå Forskrift for graden bachelor ved Universitetet i Stavanger § 2.f.). For nærare presisering av vurderingsformer, sjå kvart enkelt emne slik det blir beskrive i studieplanen.

Normalvariant av studieprogrammet

I utdanningsplanen blir ein normalvariant av studieprogrammet presentert. Denne gjeld korleis fagemne frå semester til semester blir sette saman. Instituttet vil kvart studieår tilby fagemne som skal sikra at studentane kan fylgja denne normalvarianten av studieprogresjon gjennom studieløpet sitt, med atterhald om at det kan bli gjort endringar i dei spesifikke fagemna for kvart år. Basert på dei emna som blir tilbodne, kan studentane også leggja opp til ei anna rekkjefølgje mellom emna enn normalvarianten. Så lenge det blir teke omsyn til dei andre krava i bachelorforskrifta, vil dette bli godkjent, sjølv om det i enkelte høve kan medføra at studiet ikkje kan gjennomførast på tre år.

Hva kan du bli


Ved å studera morsmålsfaget nordisk, får ein høve til å utvikla betre evner til refleksjon, formidling, forståing, språkmedvit, kommunikasjonsevner og slutningsevne. Morsmålsfaget myndiggjer den enkelte ved å tilby eit betre omgrepsapparat for kommunikasjonsforståing, identitetsdefinisjon og samhandling. Systematisering og drøfting av språkhandlingar med den symbolikk og makt dei kan bera, gjev klårare tankar og færre misforståingar. Morsmålsfaga si rolle er å fungera som det grundigaste nivået av arbeid med tekst, refleksjon og kommunikasjon. Slikt arbeid er eit godt utgangspunkt for lettare tileigning av kompetanse innan dei fleste yrke.

Ein bachelorgrad i nordisk språk og litteratur er ei hovudsakleg akademisk utdanning, og ein føresetnad for studiar av faget på høgare nivå. Utdanninga kan gjera deg kvalifisert til opptak på mastergraden i lesevitskap ved IKS. Ho kan også nyttast som del av ein formell kompetanse til undervisning i norsk, ettersom ho kvalifiserer deg for opptak på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eit profesjonsstudium som gjer det mogleg å bli tilsett i grunnskulen eller den vidaregåande skulen og nytta yrkestitlane lærar eller lektor. Ein lektor har mastergrad. Lektorprogrammet til UiS er eit femårig løp, der PPU (som for seg sjølv er eit års fulltidsstudium) er integrert i ein mastergrad.

Emneevaluering

Evalueringar er ein sentral del av kvalitetssystemet ved UiS. IKS gjennomfører studentevaluering av undervisninga i form av tidlegdialog kvart semester og sluttevaluering av minst to emne innan kvart fag i løpet av eit studieår. For begge desse evalueringane har Kvalitetskontoret utvikla rettleiingar, malar og skjemaforslag.

Utenlandsopphold


Internasjonalisering er eit satsingsområde ved UiS. I dagens samfunn er det viktig å få kunnskap og erfaring som gjev perspektiv utover nasjonale verdiar. UiS har samarbeid med fleire høgskular og universitet i land over heile verda (sjå oversikt på UiS sine nettsider). Studentar som ønskjer det, har høve til studiar ved ein lærestad i utlandet, som ein del av graden sin ved UiS. Dette blir det spesielt lagt til rette for i 3. semester (hausten 2. studieår).

Praktisk informasjon

Timeplanar blir utarbeidde fram mot semesterstart og lagde ut på nettet, samt på det nettbaserte læringssystemet Canvas. Alle studentar ved UiS får ein brukarkonto på Canvas, og pliktar å halda seg orienterte om fagrelatert og administrativ informasjon som blir lagt ut der.

Kontaktinformasjon

Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

4036 Stavanger

Tel. 51 83 34 00

Studiekoordinator for årsstudier og bachelor ved IKS

Anne Siri Norland. E-post: anne.s.norland@uis.no. Tlf.: 51834571

Karen Marie Espeland. E-post: karen.m.espeland@uis.no. Tlf. 51 831343