en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nordisk og lesevitenskap - masterstudium

Masterprogrammet fører fram til graden master i nordisk og lesevitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Programmet byggjer på bachelorgrad med spesialisering i nordisk språk og litteratur eller anna utdanning som gjev tilsvarande kvalifikasjonar.
Masterprogrammet i nordisk og lesevitskap skal gje kunnskapar på høgt nivå i utvalde vitskaplege disiplinar innanfor nordistikken, med perspektiv på og innføringar i skriftkunne (literacy/lesevitskap) som særskilt spesialisering. Nordistikken femner om litteratur og språk frå både eldre og yngre tid. Til fagområdet høyrer òg nordisk fagdidaktikk.

Fagplan

Studiet er delt i to: Eit fyrste år med innføringar som grunnlag for breiddekunnskapar og for å kunne gjere val om spesialisering i det vidare studiet, til saman fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og eit andre år som også utgjer 60 poeng i seg sjølv: Masteroppgåve, sjå Studieplan og emner.
Målform
I løpet av studiet skal studentane ha gjennomført prøving i eit av emna på 15 studiepoeng på ei anna målform enn dei skriv masteroppgåvå i.

Hva kan du bli

Masterstudiet i lesevitskap gir i kombinasjon med praktisk-pedagogiks utdanning (PPU) lektorkompetanse i nordisk i grunnskulens høgste trinn og i vidaregåande skule, og er elles grunnlag for ei rekkje yrkesval, såleis andre utdanningsretningar, media, bibliotek, arkivvesen, forlag, offentleg administrasjon, kulturforvaltning og -formidling, ulike rådgjevningsfunksjonar t.d. i kommunikasjonsavdelingar.
Mastergraden kan òg gje grunnlaget for ei forskarutdanning innanfor språklege eller litterære/tekstorienterte disiplinar av nordistikken.