en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kven gjer kva?

Tilsette og studentar har klare roller og eit ansvar rundt det å arbeide med kontinuerlege forbetringar av studiekvaliteten.

Student
Som student kan du medverke til å utvikle kvaliteten i studia og gode læringsmiljø gjennom aktiv deltaking i dei fora som studentane har. Til dømes i studentane sitt fakultetsstyre og studentparlamentet, eller i dei formelle organa som universitetsstyret, fakultetsstyre, instituttstyre, senterstyre, Kvalitets- og læringsmiljøutvalet, Utdanningsutvalet, kvalitetsutval m.m., sjå Styrer og utval ved UiS. Du kan og delta i evalueringar, dialogar og undersøkingar. I tillegg kan du bruke ulike meldesystem, sjå Gje oss beskjed.

Faglærar/emneansvarleg
Faglærerar/emneansvarleg er ansvarleg for studiekvaliteten innan eit fag/emne. Han skal halde seg fagleg oppdatert og medverke til høg kvalitet. Faglærar tek initiativ til møter med studentrepresentantane, og samarbeider tett med, og rapporterer til instituttleiar.

Instituttleiar
Alle studieprogram høyrer til eit institutt med ein instituttleiar. Instituttleiar har personalansvar for dei tilsette ved instituttet og ansvar for arbeidet med kvalitet og relevans innanfor studieprogramma ved instituttet. Instituttleiar utarbeider samla årsrapport for arbeidet med kvalitet ved instituttet. Instituttleiar skal arbeide for å utvikla godt læringsmiljø.

Prodekan for undervisning
Alle institutt høyrer til eit fakultet. UiS har tre fakultet: Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. Kvart fakultet har ein prodekan for undervisning. Prodekan for undervisning er fast leiar av kvalitetsutvalet ved fakultetet, og har særskilte oppgåver knytt til arbeidet med kvalitet. Prodekan for undervisning samarbeider tett med studentar og fagtilsette, administrativt tilsette ved fakultetet, prodekanane ved dei to andre fakulteta og med prorektor og utdanningsavdelinga.

Dekan
Kvart fakultet leiast av ein dekan. Dekan er øvste faglege og administrative leiar for dei tilsette ved fakultetet. Dekanen svarar for kvaliteten i studieprogramma som høyrer til fakultetet, og for arbeidet med kvalitet ved fakultetet. Dekanen utarbeider  årsrapport for arbeidet med kvalitet ved fakultetet. Dekanen samarbeider tett med sine prodekanar for undervisning og forsking, fakultetsdirektøren, og sine institutt- og senterleiarar.

Prorektor
Prorektor er del av rektoratet ved universitetet, og nestleiar av universitetsstyret. Prorektor stør rektor i rektor sitt arbeid, og har særskilt ansvar for arbeid med kvalitet. Prorektor er leiar av utdanningsutvalet ved universitetet, som kvart år skal utarbeide årsrapport for arbeidet med kvalitet til styret.

Rektor
Rektor er del av rektoratet. Rektor er den øvste faglege leiaren ved Universitetet i Stavanger og leiar av universitetsstyret.

Utdanningsdirektør
Utdanningsdirektøren har ansvar for å innhente, omarbeide og formidle grunnlagsdata for arbeidet med kvalitet, og for at kvalitetssystemet verker etter sitt formål.

Universitetsdirektør
Direktøren er øvste leiar for administrasjonen ved universitetet, og legg fram sakar for styret, mellom anna universitetet sin årsrapport for arbeidet med kvalitet.

Universitetsdirektør

Universitetsdirektøren er øvste leiar for administrasjonen ved universitetet og legg fram sakar for styret, mellom anna årsrapport for arbeidet med kvalitet ved universitetet.Universitetsdirektør
Universitetsdirektøren er øvste leiar for administrasjonen ved universitetet og legg fram sakar for styret, mellom anna årsrapport for arbeidet med kvalitet ved universitetet.

 

UiS logo