Kva vert vurdert som del av revisjonen?
Som del av program- og emnerevisjonen blir blant anna følgjande punkt vurdert:
-
Studiets mål og innhald, samansetning av emne i studieprogrammet, mobilitetssemester.
-
Beskriving av læringsutbytte for studieprogrammet som heilskap og for det enkelte emne: Læringsutbyttebeskrivingar må stemme overeins med kvalifikasjonsrammeverket for høgre utdanning, og formulert for kunnskapar, ferdigheter og generell kompetanse på programnivå.
-
Vurdering av samanheng mellom læringsutbytte, arbeidsmåtar og vurderingsformer, inkludert obligatoriske aktiviteter.
-
Studentane sin arbeidsmengde: I høve til NOKUT- forskrifta skal arbeidsmengda for 10 studiepoeng tilsvara ca 250- 300 arbeidstimer.
-
Beskriving av eksamen, inkludert tillatne hjelpemiddel.
-
Pensum/ litteratur.
Korleis vert arbeidet gjort?
Arbeidet vert utførd i eit program som heiter EpN (emne på nett). Dette er ein del av FS (Felles studentsystem), eit studieadministrativt system for universitet og høgskular i Norge. Faglærar gjer fyrst sine endringar i emna i EpN, så sjekkar studieadministrasjonen om alt er på plass og til slutt blir studieprogram og emne godkjent av dekan.
Kvar finn eg reviderte program- og emnebeskriving?
Reviderte studieprogram og emne, gjeldande for påfølgjande studieår, blir publisert på www.uis.no rundt 1. februar. På studentsidene finn du studieprogram og emne for inneverande studieår.