en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Etiske retningsliner for studentar

Både studentar og tilsette ved UiS skal etterleva dei lovane og reglane som verkar inn på lærings- og arbeidsmiljøet. I tillegg finst det etiske forventningar som verkar inn på kvardagen ved UiS.

Krav til tilsette vert regulerte av «Etiske retningslinjer for statstjenesten» og «Etiske retningslinjer for veiledere/tilsette ved UiS» (under revisjon).

Dette dokumentet inneheld moralske og etiske krav som vert stilde til deg som student ved UiS. Desse retningslinene skal klargjera dei grunnleggjande verdiane til UiS. Dei seier noko om kva standard universitetet vil ha, og kva handlingar som ikkje vil verta aksepterte.   

1. Oppmøte

Som student skal du møta presis til undervising, vegleiing, praksis mv. Du må sjølv ta høgde for tid til oppmøteregistrering, finna ledig plass, mv.

Du skal møta førebudd der dette er venta. Fagleg framdrift avheng av deltakinga di.

Ikkje avbryt eller forstyrr unødig i undervising/praksis, mv. Bruk av mobiltelefon, nettbrett og liknande må ikkje forstyrra læringssituasjonane.

2. Respekt

Det er venta at du som student viser respekt for tilsette og andre studentar og avstår frå uttaler/handlingar som kan verta opplevd nedlatende eller krenkjande. Det er venta at du medverkar til eit ope og inkludarende studiemiljø.

Ved kvar muntleg deltaking skal du tiltala både tilsette og andre studentar med høfleg språkbruk. Ein skal møta kvarandre med open haldning, fordomsfridom og saklegdom.

3. Teieplikt

Universitetet handsamar ei rekkje typar personleg informasjon, og informasjon om tekniske system og rutinar, drifts- og forretningsløyndomar. Dersom du i løpet av studia dine ved UiS får kjennskap til denne typen informasjon, må du ikkje nytta, utlevera eller gjera den tilgjengeleg for interne eller eksterne uvedkomande. Du må heller ikkje nytta informasjonen til andre føremål enn dei oppgåvene du er pålagt av UiS å utføra.

Universitets- og høgskulelova § 4-6 lyder:

«En student som i studiesammenheng får kjennskap til noens personlige forhold, har taushetsplikt etter de regler som gjelder for yrkesutøvere på vedkommende livsområde. Institusjonen skal utarbeide taushetsplikterklæring som må underskrives av de studentar dette er aktuelt for.»

Å bryta teieplikta er straffbart, og teieplikta gjeld også etter at du er ferdig som student/etter praksisopphold.

Sjølv om det ikkje skulle liggja føre lovfesta eller avtalefesta teieplikt for deg som student er det greitt å vera merksam på at dersom personleg informasjon blir delt kan det utgjera ei stor belastning for dei informasjonen gjeld.

4. Mobbing og trakassering

Ved UiS er det nulltoleranse for mobbing, trakassering og diskriminering på bakgrunn av nasjonalitet, religion, etnisitet, alder, kjønn, kjønnsuttrykk, seksualitet, språk eller funksjonshemming. Slik diskriminering eller trakassering på bakgrunn av nemnde forhold, og seksuell trakassering, er forbode etter likestillings- og diskrimineringslova § 13.

Lova seier mellom anna:

«Med trakassering menes handlinger, unnlatelser eller ytringer som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlige, nedverdigende eller ydmykende.

Med seksuell trakassering menes enhver form for uønsket seksuell oppmerksomhet som har som formål eller virkning å være krenkende, skremmende, fiendtlig, nedverdigende, ydmykende eller plagsom.»

Ver merksam på at noko som er meint som ein spøk i staden kan verta opplevd som trakassering.

5. Nettikette

Som student skal du ikkje nytta UiS sine IT-tenester til å setja fram ærekrenkingar eller diskriminerande uttaler, ulovleg nedlasting av musikk/film/pornografi eller formidla teiepliktige opplysningar, krenka privatlivets fred eller oppfordra eller medverka til ulovlege eller reglementsstridige handlingar.

Her kan du lesa mer om UiS sitt IT-reglement.

6. Si ifra

Både du som student og dei tilsette har ansvar for at relasjonen/samarbeidet dykk imellom fungerar på ein god måte. Begge partar har også ansvar for å finna løysingar dersom det oppstår utfordringar. Dersom du finn ein vegleiar- eller førelesarrelasjon svært vanskeleg, kan ein tredje person verta involvert i avklaringa av kva ein gjer vidare. Du kan melda i frå via Si ifra-systemet, eller ta kontakt med StOr eller studentombodet.  

7. Å vera skikka

På ei rekkje studier vert det stilde serskilde faglege og personlege krav til den som skal utøva yrket – for eksempel ved lærerutdanningar og helse- og sosialfagutdanningar. Er du i tvil om ein student er skikka for yrket sitt vert du oppfordra du til å seia frå. Ingen er tente med at uskikka studentar vert uteksaminerte. Les meir om skikkavurdering og finn kontaktpersonar her

8. Fusk

Du har sjølv ansvar for å nytta godkjent tilvisningsmetode og eventuelt innhenta løyve til bruk av andre sitt materiale. Prop. 158 L (forarbeid til forskningsetikklova) merkar at:

«Den vanligste definisjonen av plagiat er å utgi andres arbeid som sine egne, og slik villede leseren om hvem som har utført arbeidet, for eksempel skrevet teksten. Forskjellige vitenskaper og fagfelt har ulike publiseringstradisjoner, men felles for alle er et behov for å kreditere andres og eget tidligere arbeid når man bygger ny kunnskap og nye resonnementer på dette».

Plagiat og andre former for fusk, som for eksempel medtekne ulovlege hjelpemiddel til eksamen, kan føra til annullering av prøva og utestenging frå norske universitet og høgskular.

Bruk gjerne Si ifra-systemet eller dei som er oppgitt som kontaktpersonar i slike saker dersom du blir kjent med at dette føregår. Les mer om fusk her

9. Doble relasjonar

Studiekvardagen kan verta påverka av relasjonar mellom tilsett/vegleiar og deg som student, for eksempel familiære eller sosiale tilhøve. I dei tilfellene der dette vert opplevd som utfordrande vert du tilrådd å søkja råd så tidleg som mogeleg for å kunna vurdera andre løysingar.

Kjærleiksforhold mellom ein tilsett/vegleiar og ein student kan også førekoma. Hovudregelen i ein slik situasjon er at vegleiarforholdet vert brote. Dersom det av ulike grunnar er umogeleg å bryta vegleiarforholdet, må partane forsøka å finna andre eigna løysingar. Partane må då vera medvitne på at hovudregelen vert broten og må dermed utvisa stor varsemd i det vidare samarbeidet.

I kjølvatnet av doble relasjonar kan det oppstå eit habilitetsproblem ved vurdering av studenten sitt arbeid. Det er ikkje berre studenten sin integritet som skal vernast. Ingen skal kunne reisa tvil om grensene mellom det private og det yrkesmessige, ikkje heller om ein vegleiar er upartisk og uhilda.

Doble relasjonar er ikkje ulovleg, men det kan gje utfordringar i ein studiekvardag. Ta gjerne kontakt med StOr eller studentombodet om du vil rådføra deg med nokon vedkomande vidare studiegjennomføring.

10. Gåver

UiS oppfordrar studentane til å vera varsame med å ta imot gåver frå tilsette eller å gje gåver til tilsette.

11. Brot på retningslinene

Konsekvensane av brot på dei etiske retningslinene vil avhenga av kva som har skjedd. Dersom studentar si åtferd gjentakande vert oppfatta som forstyrrande eller krenkjande vil dette verta teke opp med studenten.

Universitets- og høgskulelova § 4-8 gir UiS sitt styre eller klagenemnd høve til å stengja ute og bortvisa studentar som for eksempel:

  • gjentekne gonger grovt forstyrrar medstudentene sitt arbeid eller verksemda elles
  • ved uærleg oppførsel har skaffa seg tilgang til eksamen/prøve/kurs, eller som har fuska ved gjennomføring av eksamen
  • grovt klanderverdig har sett brukarar (barn, pasienter eller andre) sitt liv eller helse i fare
  • grovt har brote teieplikta ovanfor brukarar
  • har oppført seg grovt usømeleg ovanfor brukar.

Desse retningslinene vart vedtekne av læringsmiljøutvalet 22. mai 2018