en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Studentar med "attitude"

NHS-studentane Linn Nordby, Nora Alnes Teigen, Robinson Rivera, Kine Ruud-Nesheim og Anna Måsvær er einaste norske i prestisjefylt europeisk studentkonkurranse.

Fire studentar stående i ei trapp. NHS-studentane Linn Nordby, Nora Alnes Teigen, Kine Ruud-Nesheim og Robinson Rivera er klar for konkurranse. Anna Måsvær var ikkje til stades då biletet blei tatt.

Dei fem studerer hotelleiing og reiselivsleiing ved Norsk Hotellhøgskole (NHS) ved UiS. No er dei valde ut til å representere NHS og UiS i EMCup, ein årleg konkurranse for studentar frå utdanningsinstitusjonar innan hotell og reiseliv i Europa.  

– Her får me eit spannande innblikk i bransjen, og me ser korleis det er andre stader i verda. I tillegg får me utfordra oss sjølve, seier dei om kvifor dei søkte om å bli med.

Konkurranse i Nederland 

Dei siste månadane har laget arbeida med første del av konkurransen, ei skriftleg oppgåve om korleis læreplanar innan hotell-faget kan bli betre. Med utgangspunkt i trendar har dei samanlikna sin eigen lærestad NHS med liknande utdanningar i England og Sveits. 

– Det er skilnader. For eksempel har dei meir praksis, medan det er meir teoretisk her, seier Robinson Rivera. 

Nå førebur dei seg til å reise til Maastricht i Nederland i februar, kor resten av konkurransen finn stad. Her skal dei mellom anna presentere funna i oppgåva si føre ein jury, samt løyse eit case. Halvdelen av dei 40 laga som er med, går vidare til utslåingsrundar.

Byggjer nettverk 

Ein del av konkurransen går ur på å skape blest om eige lag i sosiale medier på Facebook-sida til EMCup. Laget er og aktiv på Facebook og på Instagram.

Dei er skjerpa for å gjere det best mogleg, men konkurranse er ikkje det einaste dei tenkjer på. Like viktig er det å treffe folk i bransjen og byggje nettverk. Med 180 studentar, 65 coacher, 75 jurymedlemmer og representantar frå 42 selskap som deltek, er det mange å mingle med. 

– Me gler oss til å komme til Maastricht og snakke med bransjen. Det er ein god måte å skaffe seg eit nettverk, og kanskje ein jobb etter kvart, seier Robinson Rivera. 

EMCup oppmodar deltakarane til å tenkje utanfor boksen. Det heng saman med at også denne bransjen må tilpasse seg endringar som følgje av globalisering og digitalisering.  

Gjengen frå NHS tolkar dette på sin måte, mellom anna i namneval. Dei kallar seg «NWA / Norwegains with attitude», eit namn som spelar på ei kjent amerikansk hiphop-gruppe frå 1980-talet. 

– Vi vil bli huska, og då kan me ikkje vera kjedelege. Oppgåva var  Get Real... Education - "Old School vs New School". Då passa det å gjere noko gamalt og kjent på ein ny måte, seier dei.

Kremen av kremen 

EMCup er den største årlege konkurransen blant de beste hotellskulane i Europa, og i år deltek 180 studentar frå 17 land. NWA-laget får støtte frå coachane sine, Ingrid Laukeland Djupegot og Veronica Blumenthal, som er stipendiatar ved NHS. 

– Studentane er NHS’ store stoltheit og EMcup gir oss ein fantastisk moglegheit til å vise fram noko av talentet våre studentar sitt på. Cupen er ein super moglegheit for studentane, men og ein viktig moglegheit for NHS til å vise seg litt fram for våre europeiske kollegaer og for å bygge nettverk med potensielle partnarinstitusjonar, seier Blumenthal.

Då dei annonserte at NHS skulle delta på EMCup i 2019, meldte over 50 studentar si interesse, og coachane kunne velje blant kremen av kremen for å setje saman årets studentlag.  
– Årets fem deltakarar representerer ulike studieretningar og ulike årskull, men dei har klart å spele på kvarandre sine styrker og har samarbeida veldig godt så langt. Det lover godt for konkurransedagane. 

Studentane har og vist seg å vere naturtalent på å debattere, noko som kjem godt med dersom laget går vidare til neste del av konkurransen.  

– Då er det nemleg debattrunde, og den skal vi eie, seier Blumenthal.

Tekst og foto: Karoline Reilstad