en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sosiale medium har endra krisehandtering

Heidi Torkildson Ryste har studert korleis sosiale medium blir brukt av kommunar som opplever ei krise. Studien viser at mykje har endra seg på kort tid.

Prisvinnar Heidi Torkildson Ryste saman med rektor Marit Boyesen og rettleiar Odd Einar Olsen. Prisvinnar Heidi Torkildson Ryste saman med rektor Marit Boyesen og rettleiar Odd Einar Olsen.

Under Samfunnssikkerhetskonferansen 2019 blei ho tildelt SEROS-prisen for årets beste masteroppgåve innanfor samfunnstryggleik. Oppgåva har tittelen «SoMe – so what?».

Ho studerte ei rekkje norske kommunar som dei siste åra har måtta handtere kriser som storbrann og flaum. I slike situasjonar har sosiale medium blitt blant dei viktigaste kommunikasjonskanalane, skriv Torkildson Ryste.

Auka fart

Ein annan konklusjon er at sosiale medium har ført til auka fart i krisekommunikasjonen. Det skuldast mellom anna teknologisk utvikling og høgare forventingar hos innbyggjarane.

Torkildson Ryste fann også at det er store ulikskapar mellom norske kommunar i korleis og kor mykje dei brukar sosiale medium. Ofte har kommunane vore avhengige av ei eldsjel.

Dei som ikkje har vore på Facebook før krisa, har oppretta eiga side i ettertid, og åtte av ni undersøkte kommunar har tatt sosiale medium inn i kriseplanverket sitt.

Efaringsbasert master

Masteroppgåva konkluderer også med at tre av dei fire kommunane som hadde mest suksess med bruk av sosiale medium i krisehandtering, hadde ei digital eldsjel i leiinga.

Torkildson Ryste tok erfaringsbasert master i risikostyring og sikkerheitsleiing gjennom UiS EVU, med professor Odd Einar Olsen som rettleiar. Ho har gode ting å seie om studiet.

– Eg vil takke Universitetet i Stavanger for ein framtidsretta og god master, sa ho under prisutdelinga.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Mari Hult