en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Snakk om kvalitet

Sidan 2016 har UiS gjort eit omfattande arbeid med å revidere kvalitetssystemet. Studentar og tilsette har vore med i dette arbeidet, og i juni vedtok styret det nye kvalitetssystemet for utdanning.

bilde av Klaus Mohn

Kvalitetssystemet skal vera ei støtte i kvalitetsarbeidet vårt. Kvalitetssystemet er dialogbasert, og syner kvar me skal snakka om kvalitet på alle nivå. Mykje av det me snakkar om i dag dreiar seg om kvalitet, enten me snakkar med kvarandre over kaffikoppen eller saman med studentar i ein førelesingssal. Kvalitetssystemet legg rammer og system for mykje av dette, men det legg også føringar for korleis kvalitetsarbeidet skal gjerast i praksis. Eit viktig element er at tilbakemeldingane frå studentar gjennom av tidlegdialogar og emneevalueringar blir tekne på alvor av faglærarar, studieprogramleiarar, instituttleiarar, dekanar og rektorat.

For at Universitetet i Stavanger skal vera eit attraktivt og framifrå universitet, ber eg alle om å gjere seg kjent med kvalitetssystemet og setja i gong med tiltaka som er skildra.Framover vil det koma videosnuttar på e-post og i sosiale medier. Tema vil vera «Snakk om kvalitet».

Snakk om kvalitet med medstudentar og kollegaer, og bli med på kvalitetshevinga ved UiS.

Du som er student kan lesa meir om kvalitetssystemet og di rolle på studentsidene. 

Har du fleire spørsmål om kvalitetssystemet, kan du ta kontakt med utdanningsavdelinga.

Med venleg helsing

Klaus Mohn