en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Skal utvikle app for unge arbeidslause

Nær ein av ti unge vaksne er korkje i utdanning, arbeid eller jobbtrening. Eit nytt forskingsprosjekt ved UiS skal utvikle ein app for å motivere fleire ut i arbeid eller utdanning.

To hender som held kvar sin mobiltelefon. Foto: Pixabay Eit nytt forskingsprosjekt ved UiS skal utvikle ein app for unge arbeidslause. Målet er å motivere fleire til arbeid eller utdanning. Foto: Pixabay

Ny teknologi og raske samfunnsendringar fører til kunnskapsintensive arbeidsplassar som er i stadig omstilling. Arbeidstakarar må ha høg kompetanse og takle endringar for å henge med.

Dei som manglar tru på at dei kan lære nye ting, risikerer å hamne utanfor arbeidsmarknaden. 

– Mange unge har mista trua på seg sjølv og er redde for å prøve nye ting. Målet med dette prosjektet er å auke deira tru på eigne evner til å lære, seier Venke Furre Haaland. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for sosialfag ved Universitetet i Stavanger og prosjektleiar for forskingsprosjeket CLApp som får 10 millionar frå Noregs forskingsråd.

Interaktiv app skal få opp sjølvtrua 

Prosjektet vil nå arbeidslause i alder 15–29 år, og målet er at dei gjennom appen skal få meir tru på eigen kapasitet til å læra nye ferdigheiter og takla utfordringar. I tillegg skal dei få tips om gode strategiar for å ikkje gi opp sjølv når det er vanskeleg. I prosjektet er ein app vald fordi han kan nyttast kor og når som helst. 

– Vår hypotese er at dei får auka motivasjon og mot til å utnytte dei moglegheitene som vert tilbode av NAV-systemet og oppfølgingstenesta. Og at dei etter kvart kan tre inn i arbeidslivet eller halde fram med skule, seier Haaland.

Bygger på omfattande forsking  

I utviklinga av appen skal ein byggje på tidlegare forsking, som for det meste er retta mot skuleelevar. Studiar i både Noreg og USA viser positive effektar av tidsavgrensa web-baserte dataprogram for å styrke elevar sin motivasjon for læring. 

– Her ser ein at dataprogrammet styrker elevane si tru på eigne moglegheiter til å lære, og seinare gir det òg betring i motivasjon, innsats, iver etter å ta imot ei utfordring og læring, seier Haaland. 

Spesielt relevant er UiS-prosjektet U-say som skal styrkje motivasjonen for Vg1-elevar i Rogaland. Professor Mari Rege, som har leia U-say, er òg med i det nye prosjektet. Det same er David Yeager, førsteamanuensis ved University of Texas at Austin, som har gjort same type forsking i USA og Noreg. 

– At både Mari Rege og David Yeager er med i prosjektet, gir det ein unik direkte tilgang til informasjons og materiale frå tidlegare forskingsprosjekt frå Noreg og USA, seier Haaland. 

Med utgangspunkt i denne forskinga skal det gjerast eit grundig arbeid for å utvikle ein app tilpassa målgruppa. I arbeidet skal ein samarbeide nært med ei pilotgruppe med unge utanfor arbeid og utdanning, forskarar og tilsette ved Universitetet i Stavanger, Stavanger Universitetssjukehus, Nav og tilsette i oppfølgingstenesta hjå fylkeskommunen. Wenche ten Velden Hegelstad ved Stavanger Universitetssjukehus og Jone Bjørnestad ved Institutt for sosialfag er også sentrale i prosjektet.

Tverrfagleg samarbeid 

Nav Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Stavanger universitetssjukehus er samarbeidspartnarar i prosjektet. Prosjektleiaren gler seg til tverrfaglege samarbeid. 

– Dei kjenner gruppa godt, og er nyttige å ha med, både i utvikling av appen og i kontakten med dei unge, seier ho.

 Eit IT-selskap skal ta seg av det tekniske og designet rundt app-utviklinga. 

Det fulle namnet på prosjektet er “CLApp: A Career Learning APP for Young People Not in Emplyment, Education or Training”. Prosjektet er eit av åtte forskingsprosjekt som får støtte gjennom Forskingsrådet sitt VAM-program, som støttar forsking om endringar i arbeidslivet. Sjå oversikt over alle som får støtte hjå Forskingsrådet

Prosjektet startar i april, og skal gå over fire år. I prosjektet vil det òg bli lyst ut to stipendiatstillingar.

Tekst: Karoline Reilstad

Venke Furre Haaland

Venke Furre Haaland