en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Simulering og læring innan helseutdanningar

Under tverrfagleg simuleringsdag øver sjukepleiestudentar, legestudentar og ambulanselærlingar saman på systematisk observasjon av pasientar, samt kommunikasjon mellom helsepersonell.

  • Simulering av pasient med hjerneslag i heimesjukepleien
    Simulering av pasient med hjerneslag i heimesjukepleien.
  • Fasilitator Ragnhild Michaelsen instruerar og observerar studentane
    Fasilitator Ragnhild Michaelsen instruerar og observerar studentane.
  • Studentane øvde på systematisk observasjon av pasientar
    Studentane øvde på systematisk observasjon av pasientar.
  • Studentane fekk høve til å teste HoloLens i regi av Bouvet
    Studentane fekk òg høve til å teste AR-teknologi og HoloLens i regi av Bouvet.

I år er det femte året denne simuleringsdagen gjennomførast. Det starta som del av doktorgraden til Ingunn Aase, førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet, som eit samarbeidsprosjekt mellom UiS, Universitetet i Bergen (UiB), Stavanger universitetssjukehus (SUS) og lærings- og simuleringssenteret SAFER.

Les meir om bakgrunnen for simuleringsdagen her.

Tverrfagleg simuleringsdag skal vere med å hjelpe sjukepleiestudentar, legestudentar og ambulanselærlingar til å få innsikt og forståing for viktigskapen av tverrfagleg samarbeid og effektiv kommunikasjon i undersøking, behandling og omsorg av pasientar og pårørande. Studentane øver saman og blir instruert av fasilitatorar frå UiS, SUS og SAFER gjennom ulike scenario med vekt på tverrfagleg kommunikasjon og samarbeid.

Programmet består av ulike simuleringsposter med eksemplar ein kan møte i kvardagen som helsepersonell. På kvar post skulle studentane løyse kliniske problemstillingar på tvers av profesjonane, deriblant ivaretaking av postoperativ pasient med bløding, nevrologisk pasient med hjerneslag, og pasient med akutt psykose.

Lærerikt og spennande

– Det er første gong eg øver på ein tverrfagleg situasjon, seier 4. års legestudent ved UiB, Karoline Dybvik. Ambulanselærlingane og legestudentane er i mindretal denne dagen, og må dermed vere aktive på dei fleste av postane studentane skal gjennom i løpet av dagen.
– Det er ei uvand setting å vere aleine om legerollen, men samtidig er det ikkje så lenge til me skal ha dette ansvaret i praksis så det er nyttig å øve, seier Karoline.

Ambulanselærlingane er vande til casetrening frå arbeidskvardagen. Janne Pettersen er berre tre månadar ut i løpet som lærling ved Helse Stavanger, og meiner det er nyttig at man får innsikt i forventningane ein har til kvarandre sine rollar før ein skal ut i arbeidslivet.

Marie Pernille Rettedal og Sindre Arnestad, 3, års sjukepleiestudentar ved UiS, var svært nøgde med dagen:
– Det er spennande å øve saman, men samtidig godt at instruktørane ofte påpekte at fokuset var læring, ikkje vurdering av kunnskapar. Det gjer det trygt for oss som studentar.

Koordinator for simulering i helseutdanningane ved UiS/SAFER, Dagrunn Nåden Dyrstad deler studentane sine erfaringar:
– Desse dagane får svært gode tilbakemeldingar. Studentane lærer å arbeide strukturert ved bruk av ulike verktøy og får trene på kommunikasjon og formidling på tvers av profesjonane i ulike pasientsituasjonar.

Korleis kan helsesektoren ta i bruk ny teknologi?

Simulering og læring innan helse er eit svært aktuelt fagfelt både innan helseforsking og for teknologar. Difor vart representantar frå Bouvet, gjennom Nettverk for helse og teknologi ved UiS, invitert som observatørar på ein av simuleringsdagane denne hausten.

I løpet av dagen såg Matt Groom og Kay Thomas Bertheussen frå Bouvet fleire tilfelle kor teknologi kan elevere samspelet mellom sjukepleiarar og lege. Til dømes i overføring av vitale pasientdata mellom helsepersonell, tale-til-tekst-teknologi som førast rett i pasientjournal, og i avstandsoppfølging av pasientar.

–  Tale-til-tekst kan òg brukast for å bekrefte «closed loop»-kommunikasjon på systemnivå - her kan ein ved bruk av Kunstig Intelligens bruke systemet til å oppdage blant anna feil dosering, misforståing eller liknande avvik. Når ein sjukepleiar ringer legen, har legen all nødvendig data framfor seg, og forstår umiddelbart bekymringane til sjukepleiaren, seier representantane frå Bouvet.

Vegen vidare

Under tverrfagleg simuleringsdag har ein fokus på mellommenneskeleg kommunikasjon. Dette er noko teknologien slit med å replisere. Ifølgje Bouvet bør difor teknologien nyttast som eit supplement til slike simuleringsdagar:

–  Med teknologi som mixed reality (AR/VR) og kunstig intelligens kan studentane trene på langt fleire scenario, heime alene eller saman med medstudentar. Repetisjon fører til god læring, og på denne måten kan ein sørge for at studentane får høg grad av læring i fleire settingar enn simuleringsdagar. Ved å designe ein fleirbrukarløysing (multi-user) kan me også simulere den kaotiske kvardagen til legar og sjukepleiar; alt heime frå si eiga stue.

Les meir om erfaringane Bouvet gjorde seg ved UiS på bouvet.no

Tekst og foto: Cathrine Sneberg