en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mastergradsstipend frå Språkrådet 2020

Språkrådet deler kvart år ut stipend til mastergradsstudentar som skriv oppgåve om emne rådet er interesserte i. Kvart stipend er på 25 000 kroner og søknadsfristen er 1. oktober.

Skrivende hender på tastatur

I 2020 deler Språkrådet ut stipend innanfor desse fag- eller emneområda:

  • språk i media og kultursektoren
  • språk i høgare utdanning
  • terminologi og fagspråk
  • språk og IKT
  • språkbruk og korona
  • tilpassing av importord i norsk
  • teiknspråk

Sjå meir detaljert informasjon om dei einskilde fag- eller emneområda.