en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Kreative studentar på teateret

Denne veka er det barnehageteaterfestival på Rogaland Teater. 500 barn i alderen 0-6 år får sjå til saman 7 ulike førestillingar om grottetroll og værgudar, når barnehagebarn i heile Stavanger er invitert til teateret.

Kreative studentar spelar teater for barnehageborn Spillmaker og paraplyene var namnet på denne førestillinga av barnehagelærarstudentar ved UiS.

For tredje år på rad samarbeider barnehagelærerutdanninga ved Universitetet i Stavanger med Barne- og ungdomsteateret ved Rogaland Teater om å arrangere barnehageteaterfestivalen. Tilbodet er gratis for barnehagane.

- Utgangspunktet er tredjeklassestudentane som tar fordjupning i «Kreativ barnehage». Dei 28 studentane har sjølv laga 6 førestillingar som dei spelar for barnehageborna, fortel Anne Karin Fotland, dramalærar ved Institutt for barnehagelærarutdanning.  

Heilt ålene har dei likevel ikkje jobba.

- Tilsette ved Barne- og ungdomsteateret har vore med og undervist UiS-studentane, der målet har vore å bidra til auka forståing for kunstformidling sammen med og for barn. Studentane fekk ein impuls «Kvifor det?», og tok utgangspunkt i denne då dei utvikla førestillingane, fortel Fotland.

Tre av førestillingane er mynta på dei minste frå 0-3 år, medan dei tre andre førestillingane blir spelt for dei litt større ungane mellom 3-6 år. I tillegg stiller Barne- og ungdomsteateret med ei eigenprodusert førestilling, «Benjamin og alle grusomme ting», med Henrik Bjelland, som også blir spelt under festivalen.

- Det handlar om å gje studentane erfaring med kreative og skapande prosessar. Gjennom sjølv å bli sett, ser dei verdien i det å bli sett. Då har dei betre forutsetningar for seinere å vidareføre det i samspel med barna i barnehagen, sier Fotland.

Frå UiS si side er dette eit tverrfagleg prosjekt der faglærarar frå både musikk, forming og drama er involvert.

- Eit sentralt siktemål er å styrke og utveksle erfaringer innen områdende kunst, pedagogikk, estetiske uttrykksformer og undervisning. Nyskaping og utvikling av kunstpedagogisk arbeid innan dei to institusjonane er viktige stikkord for dette samarbeidsprosjektet. Prosjektet bidreg til å skape ein samanheng mellom barneteaterkunsten og dramastudentane i fordjupningsemnet, utdjupar Fotland.

Saman med Nina Godtlibsen ved Rogaland Teater er Fotland initiativtaker til festivalen.