en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

– Gøy, lærerikt og travelt

Nærare 80 mediestudentar er i sving under årets nyheitsprosjekt. Dei neste to vekene lagar dei daglege tv- og radiosendingar, samt nettavis.

  • Nyhetsprosjekt_1.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Sindre Kirkaas Normann og Sara Tangen intervjuar Hector Enoc Ulloa om Human Rights Week 2019. – Dette er veldig lærerikt. Det var litt unaturleg i starten, men etter kvart blir det enklare, seier Normann.
  • Nyhetsprosjekt_2.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Karolina Perzyńska og Simen Westgaard sørger for at tv-sendinga går som den skal.
  • Nyhetsprosjekt_3.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Studentar på fjernsyns- og multimediaproduksjon har roen.
  • Nyhetsprosjekt_7(1).jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Ina Marie Sigurdsen og Hans Christian Boge-Fredriksen på direkten i nyheitstudioet. – Dette var gøy, og ga meirsmak, seier Sigurdsen.
  • Nyhetsprosjekt_11.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Anna Sørmarken Vestly er vaktsjef og har blant anna ansvar for å prioritere kva saker som kjem på. – Så langt har det vore veldig kjekt, seier ho.
  • Nyhetsprosjekt_12.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Tollef Jacobsen lagar innslag til radiosendinga.
  • Nyhetsprosjekt_13.jpg (rw_largeArt_1201).jpg
    Astri Sjursen og Christina Hårvik Nieuwlaat i felten for å lage sak.

God læring

I underetasjen i Arne Rettedals hus er studentar på bachelor i journalistikk og fjernsyns- og multimedieproduksjon godt i gang med å produsere nyheitssaker.  

– Det er litt hektisk, men slik er det i arbeidslivet også. Dette er god læring på kva som ventar oss, seier dagens vaktsjef Anna Sørmarken Vestly.  

Ho har oversikt over dei ulike sakene under produksjon, er ansvarleg for prioriteringar og rettleiar på saker og vinklingar. 

– Så langt har det vore nokre utfordringar med å finne saker. Det har også vore litt vanskeleg å få tak i folk å intervjue, seier ho. 

På direkten 

I tv-studioet øver Ina Marie Sigurdsen og Hans Christian Boge-Fredriksen til direktesending. Dei likar å lese nyheiter å direkten, og å lære korleis ei nyheitssending fungerer. 

– Dette var gøy, og ga meirsmak, seier Sigurdsen. 

I løpet av dei to vekene prosjektet held på, rullerer studentane i ulike roller. Simen Westgaard går andre året på FMP, og står for regi for sendinga første dagen. Det betyr at han vel bilde og utsnitt, og plasserer folk i studio etter kva som ser fint ut i tv-ruta og kva som fungerer praktisk. 

– Det blir betre og betre for kvar gjennomgang, og nå terpar vi på småting, seier han. 

Følg nyheitsprosjektet 

Nyheitsprosjektet blir kvart år gjennomført med journaliststudentar, og fjernsyns- og multimediestudentar (FMP). Her får studentane kjenne på kroppen korleis det er å arbeide i ein travel nyheitsredaksjon. Dei skal sjølv finne og undersøke saker, gjere avtaler og intervju, og redigere saker til nett, radio og tv. 

Nyheitsprosjektet starta måndag 4. mars og varer i to veker. Dei har daglege sendingar på radio (kl.15.00) og TV (kl.17.00). Nettavisa utsnitt.net blir oppdatert frå 07.00 til 21.00.

Du kan følgje sendingane på utsnitt.net

Tekst og foto: Karoline Reilstad