en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Bli med i lesegruppe eller sjølvutviklingsgruppe

I haust startar to nye tilbod innan helse, utvikling og samhald for ferske sjukepleiestudentar. Målet er nye perspektiv og ny lærdom gjennom refleksjon og diskusjon i grupper.

Illustrasjonsfoto. Hender som holder bøker.

I slutten av september startar ei lesegruppe og ei sjølvutviklingsgruppe. På kvar gruppe er det berre plass til 12 studentar, så du bør ikkje vente for lenge om du vil vera med.

Påmeldingsfrist er måndag 23. september.

Forsking viser at det å bli sett, høyrd og bekrefta har positiv innverknad på helse og stresshandtering. HUS-prosjektet (som er forkorting for helse, utvikling og samhald) byggjer på denne forskinga. Gjennom dei to gruppene skal deltakaren få eit pusterom i studiekvardagen kor ein diskuter noko anna enn pensum.

Lesegruppa

Ein kvalifisert leiar vel ut korte tekstar som først blir lest høgt, og deretter diskutert i gruppa. Gjennom diskusjonane blir nye perspektiv løfta fram. Forsking viser at denne type samtalar betrar konsentrasjon, mentalt fokus og stresshandtering.

Sjølvutviklingsgruppa

Gjennom diskusjon kring ulike mellommenneskelege tema, erfaringsutveksling og sjølvutforsking er målet med denne gruppa å gi deltakarane auka sjølvforståing og betre relasjonell kompetanse. Leiaren av gruppa førebur tema for å stimulere nysgjerrigheit kring kven me er i møte med andre.

Begge gruppene har møte ein gong i veka, og kvart møte er halvanna time. Ein fagperson leiar møta, og studentane treng ikkje førebu seg til møta. Sidan dette er eit pilotprosjekt er det i denne omgang berre for sjukepleiestudentar, men etterkvart er målet å utvide slik at alle studentar kan vera med.

Nysgjerrig og vil vite meir?

Send ein e-post til prosjektleiar Annie Haver, e-post: annie.haver@uis.no

Om prosjektet

HUS er eit forskingsprosjekt kor deltakarane mellom anna skal svare på  spørsmål og vere med i intervju undervegs. Det helsevitskaplege fakultet, Det samfunnsvitskaplege fakultet (NHS),  og Lesesenteret samarbeider om prosjektet. Med på laget er og studentprest Leni Mæland, StOR, linjeforeininga SYK og Læringsmiljøutvalet. Prosjektet er det første i sitt slag i Noreg og har fått 250.000 kroner frå Helsedirektoratet.

Tekst: Karoline Reilstad