en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Offisiell semesteropning 2020

Vi ønsker nye og noverande studentar hjarteleg velkomne til eit nytt studieår i Stavanger!

Mandag 10. august kl. 12.00 sparkes studieåret 2020/21 i gang. Den digitale seremonien vert sendt på uis.no og Facebook, og blir som vanlig både høytideleg og uformell. Se seremonien her. 

Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun opnar det som blir ei halvtimes sending, leia av to av våre dyktige journaliststudentar, Anna Sørmarken Vestly og Anders Haualand. I tillegg kjem rektor Klaus Mohn samt nyvald StOr-leia Philip Jamissen og sjef for Fadderfestivalen Una Ruzic for å fortella om mykje av det du kan sjå fram til i tida som ny student.

Tips frå Kapteinen

Underholdning står sjølvsagt også på programmet. Mange hadde gleda seg til å sjå artisten Kapteinen opptre på Fadderfestivalen, som på grunn av koronasituasjonen har måtta legga om programmet sitt i år. Men fortvil ikkje: Kapteinen dukkar opp under den offisielle semesteropninga. Det er bare å gle seg!

I tillegg byr vi på dans - korleis det skjer får du sjå når sendinga startar kl. 12.00 mandag 10. august.

 

Offisiell semesteropning 2020