en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Allmøte Strategi 2030

Leiinga ved UiS inviterer tilsette og studentar til allmøte den 28. januar i Arne Rettedals hus, kor det skal vere ei innleiing ved rektor Klaus Mohn og ein diskusjon i plenum.

Ved inngangen til det nye året har styret bede om ein gjennomgang av strategien for Universitetet i Stavanger, og eit forslag til ny strategi mot 2030.

Leiinga ved UiS inviterer tilsette og studentar til allmøte den 28. januar i Arne Rettedals hus, kor det skal vere ei innleiing ved rektor Klaus Mohn og ein diskusjon i plenum.

Strategiarbeid handlar om kva rolle Universitetet i Stavanger skal ha. Med relevans, kvalitet og uavhengighet skal vi fylle denne rolla med innhald og meining, som gjer universitetet vårt enno meir attraktivt – for studentar, for tilsette og for samarbeidspartnarar i arbeidsliv og samfunn.

Strategiutvikling inneber ei rekke viktige val, av kva som skal vere våre sermerke, kva som skal gje oss retning og kva som skal guide våre prioriteringar.

UiS-leiinga ønskjer at tilsette og studentar skal engasjere seg ved å gje innspel på allmøte og melde inn synspunkt til ei av dei interne referansegruppene. Eller ved å gje tilbakemelding på intranett-sida for strategiprosessen.

Forelesning Seminar AM

Leiinga ved UiS ønskjer at studentar og tilsette engasjerer seg i strategiarbeidet.