en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Workshop i Nvivo

Nvivo er eit program som hjelper deg med å organisere, analysere og visualisere kvalitative data.

Målgruppe: Studentar og tilsette

Krav til forkunnskap: Ingen

Utstyr: Eigen PC med Nvivo installert

Plassar: 15

Varigheit: 2 t 45 min, inkludert pausar

 

Workshopen vil dekke følgjande områder:

  • Starte eit nytt prosjekt
  • Importere tekst, video/lyd og bilete
  • Nyttige verktøy
  • Grunnleggjande analyse av data
  • Datavisualisering

 

Nvivo er eit godt verktøy når du skal jobbe med store mengder kvalitative data, som til dømes intervju, spørjeundersøkingar, artiklar og data frå sosiale media. Programmet gir deg moglegheit til å jobbe med materialet ditt på ein effektiv og strukturert måte.

Workshopen er tilpassa Nvivo for PC. Det vil likevel vere mogeleg for Mac-brukarar å følgje workshopen.

Hugs å installere Nvivo før du kjem på workshop! Som student ved UiS får du gratis tilgang til programmet.

Ta kontakt på ub@uis.no dersom du har spørsmål om denne workshopen.

Logo NVivo