en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Barnehagekonferansen i Rogaland 2019

Barnehagekonferansen 2019 har tema: Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø. Barnehagekonferansen er ein fagleg møtestad for dei som jobbar i og med barnehage.

Trygt og godt barnehagemiljø

Barnehagar skal fremje leik, helse, trivsel, læring og inkludering. Regelverket pålegg barnehagar å skape trygge og gode barnehagar, samt forebygge og handtere mobbing og krenkingar. Foreldre skal vere sikre på at når barnehagen overtek omsorg for deira barn, har barna eit trygt og godt barnehagemiljø.

Kompetanse om eit trygt og godt barnehagemiljø

Barn uttrykker at leik og vennskap er det viktigaste i barnehagen. Leik fremjer inkludering i barnefellesskapet, vennskap og trivsel og utvikling av sosiale ferdigheiter. Undersøkingar syner at kompetansen, evnen og viljen til å inngå i gode relasjonar med barn, gi god omsorg, og støtte barna sin leik, varierer både mellom barnehagane og innad i personalgruppen.

Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver viser til at inkludering i barnehagen handlar om tilrettelegging for sosial deltaking. Barnehagen sin viktigaste sosialiseringsarena er leiken. For nokre barn kan tidleg innsats innebere at personalet arbeider særleg målretteta og systematisk med å inkludere barnet i meiningsfulle fellesskap.

Barnehagekonferansen 2019 vil vektlegge ulike forhold knytt til at Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø.

Les meir og meld deg på her: 
https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Kurs-og-konferansar/barnehagekonferansen-2019/