en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Studentredaksjon i full sving

Det er hektiske dagar når komande journalistar og medieingeniørar skal produsere nyheiter for nett, radio og fjernsyn i tre veker gjennom sitt årlege nyheitsprosjekt.

I vekene 10, 11 og 12 veker skal mediestudentane produsere nyheiter på tre plattformar; for nett, radio og fjernsyn på nettavisaullandhaug.no.

Tre klassar med studentar frå journaliststudiet og fjernsyn- og multimedieproduksjon skal kjempe om å vere først med dei same sakene som resten av media i Stavanger.

Studentane skal fylle alle roller, som til dømes programleiar, tv-produsent, nettansvarleg og deskleiar.

— I tre veker satsar vi breitt gjennom å produsere nyheiter både for nett, radio og fjernsyn, fortel Torfinn Ingeborgrud, som er universitetslektor ved Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag ved UiS.

Travle dagar
Kvar morgon er det redaksjonsmøte klokka 8.30. Når saker og tips er diskutert skjer det vidare arbeidet i eigne redaksjonar for nett, radio og fjernsyn. Vaktsjefane for dei tre redaksjonane sit deretter saman på ein felles desk for å samkjøre nyheitsproduksjonen.

I prosjektet skal studentane erfare både fordelar og ulemper med å jobbe fleirmedialt. Det er hektiske dagar og stramme tidsfristar. 

Direktesendingar
I tillegg til nettavis blir det også produsert daglege radio- og tv-sendingar. Radiosendingane startar klokka 15 og fjernsynssendingane byrjar klokka 16. I tillegg blir det nyheitsbulletiner på radio kvar time frå klokka 11-14.

Alle nyheitene og direktesendingane vil bli publisert fortløpande på nettadressa nettavisaullandhaug.no.

Send inn nyheitstips og les, høyr og sjå nyheiter på nettavisaullandhaug.no!

TV-studio til Nettavisa Ullandhaug

DIREKTESENDINGAR: Nettavisa Ullandhaug er eit nyheitsprosjekt der studentar produserer nyheiter for fjernsyn, radio og nett i tre veker.