en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Institutt for medie- og samfunnsfag

Institutt for medie- og samfunnsfag (IMS) tilbyr utdanningar innan, og forskar på, media, sosiologi og statsvitskap samt endringsleiing og energi, miljø og samfunn.

Studia ved IMS er allmennyttige utdanningar, som gjev eit godt grunnlag for å forstå samfunnet vi er ein del av. Instituttet tilbyr års-, bachelor- og mastergradsstudium. Dersom du ønskjer å forsetja etter masternivå, kan du søkja opptak på eit av doktorgradsprogramma ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
 

Slik er Institutt for medie- og samfunnsfag satt saman

Ved IMS er det kring 50 vitskaplege tilsette med høg fagleg kompetanse. Dei underviser til saman rundt 900 studentar, i mediefag, sosiologi og statsvitskap, endringsleiing og energi, miljø og samfunn.

Dei tilsette held til i 3. etasje i Elise Ottesen-Jensens hus. Instituttleier er Zafer Özgen, og kontorsjef er Anne Helliesen.
 

Forsking ved Institutt for medie- og samfunnsfag

I tillegg til at dei faglege driv forsking innan sine fagfelt, er det knytt eit forskingsnettverk til instituttet. I Nettverk for kjønnsforsking forskast det på kjønn og identitet på ulike arenaer i samfunnet.
 

 

Institutt for medie- og samfunnsfag