en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Politiattest

Etter Lov om universiteter og høyskoler er det krav om politiattest ved opptak til studium der studentar i samband med obligatorisk praksisopplæring/klinisk undervisning kjem i kontakt med pasientar, barnehagebarn, elevar eller andre.

Ved Fakultet for utøvande kunstfag gjeld reglane om politiattest for følgjande studium:

* Bachelor i utøvende musikk med integrert PPU (240 sp) (fases ut)
* Praktisk pedagogisk utdanning i musikk og dans (60 sp)

Det er Politiets enhet for vandelskontroll og politiattester ved Østfinnmark politidistrikt i Vardø som utsteder politiattestar.
Sjå www.politiet.no for meir informasjon (lenken åpner nytt vindu).

Har du tilgjenge til ID-porten (BankID, Buypass, Commfides) så kan du søkje om politiattest via Politiets nettside. Her fyller du inn naudsynte opplysningar, vel kategorien "Studenter", deretter formål "Opptak - Generell", og legg ved tilbodsbrevet du mottok frå oss.

Politiattesten skal leveres i ekspedisjonen ved fakultetet til studiestart. Sjå og innleveringsfrist gitt i tilbodsbrevet!
(Dersom ikkje politiattest er innlevert til 1. september kan du miste studieplassen!)

Kva skjer dersom eg ikkje leverer politiattest?
Dersom ein student ikkje leverer politiattest, vil han eller ho bli utestengd frå praksisopplæring/klinisk undervisning, og vil ikkje få godkjend praksisperiode, noko som igjen vil føra til forseinkingar i studiet. Politiattestar med merknader skal leggjast fram for ei nasjonal nemnd som avgjer om studenten får lov til å delta i praksisopplæring/klinisk undervisning.

Les meir i Forskrift om opptak til høyere utdanning

Følgjande rutine gjeld for politiattest:
Politiattesten kan ikkje vera eldre enn 3 månader når han blir registrert ved UiS.
Etter registrering er politiattesten gyldig i 3 år ved UiS.

UiS har moglegheit til å be politiet om ny attest dersom studia held fram etter 3 år.

Søknadsinstansen krev dokumentasjon på kva attesten skal brukast til – send difor med eit skriv der det står at du treng politiattest (Opptaksbrevet frå UiS, Fakultet for utøvande kunstfag).
Berekna god tid, det kan ta fleire veker å få utstedt attest pga stor pågang.

Er du usikker på om politiattesten din er gyldig?
Gå inn på din StudentWeb, på førstesida. Dersom du har levert politiattest til UiS, Fakultet for utøvande kunstfag og denne har blitt registrert, vil du kunne sjå følgjande tekst: 'Politiattest.... er aktiv i perioden... til...'. Ei raud varselmelding vil verte synleg når attesten er i ferd med å løpe ut.

Er det mogleg å få politiattesten min attende dersom eg skulle trenga han i samband med jobb etc.?
Nei, dessverre! Etter registrering er me pålagde å makulera politiattesten, då me ikkje har lov til å oppbevara politiattestar etter at dei er nytta til det oppgjevne føremål.