MENY

Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi

Institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi (IKBM) fokuserer på natur- og livsvitskapleg forsking, innovasjon og utdanning.

Molekylmodell

Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi er ein del av Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Instituttet har tre hovudoppdrag: forsking, innovasjon og utdanning.

Forsking ved instituttet blir fordelt på eit vidt spekter av fagområde frå syntetisk kjemi til molekylærbiologi. Instituttet sitt mål er å vere ein partner i regional, nasjonal og internasjonal forsking, og vi har fasilitetar med topp moderne utstyr for tverrfaglege forskingssamarbeid.

Innovasjon er ein nøkkel i tekniske fag. Ved instituttet strever vi mot nye måtar å tenkje på, utvikling av nye metodar og halde oss oppdatert på aktuell forsking innan interessefelta våre.

Utdanning representerer hjørnesteinen i samfunnet. I forsking og i livet er vankunne ikkje ein dyd. Instituttet har som mål å gi fyrsteklasses utdanning frå grunnfag til forskarutdanning. Vi er også involverte i offentlege aktivitetar for forskingsformidling, der vi informerer ålmenta om forskings og- utdanningsområda våre.