en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

SAMTALE: Klassen, oppvekst og samhald

FREDAG 21. SEPTEMBER KL. 13.00–14.00 PÅ UNIVERSITETSBIBLIOTEKET skal det handla om skoleprøver, fråværsregelar, familie- og kjæresteproblematikk og lærarrollen når journalist og forfattar Marte Spurkland skal samtale med Brita Strand Rangnes om boka si, Klassen – fortellinger fra et skoleår.

Marte Spurkland Marte Spurkland kjem til Universitetsbiblioteket ved UiS for å snakke om hennar bok om ein avgangsklasse i vidaregåande skule 2017. Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Med varme og forståing skildrar journalist Marte Spurkland eit knippe ungdom som gjev eit tversnitt av det å vere 18 år i Noreg i dag. 

Spurkland blei nominert til Brageprisen for boka Klassen – fortellinger fra et skoleår. Boka har fått svært gode omtalar, blant anna på grunn av dei realistiske og engasjerande framstillingane av skulekvardagen til ungdom. 

Spurkland samtaler om klasse, oppvekst og samhald med Brita Strand Rangnes kl. 13.00–14.00 fredag 21. september på Universitetsbiblioteket i Kjølv Egelands hus på UiS. 

Brita Stand Rangnes er førstelektor knytt til Institutt for kultur- og språkvitenskap ved UiS og er prodekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora. 

Arrangementet er eit samarbeid med Kapittel 2018.