en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Skjermtidsalderen: Overlever papirlesing i framtida?

Gjer vi oss sakte, men sikkert ferdige med papirlesing - og gjer det i så fall noko? Dette er eit av samtaleemna under opninga av Forskingsdagane på Universitetsbiblioteket i dag.

Festivalen Forskingsdagane startar i dag, og i Stavangerregionen sparkar vi det heile i gang på Universitetsbiblioteket kl. 14.

Rektor Klaus Mohn opnar årets forskingsfestival, før vi byr på ein spennande samtale mellom anna om korleis lesing på høvesvis skjerm og papir påverkar leseforståinga. Gjer vi oss sakte, men sikkert ferdige med papirlesing - og gjer det i så fall noko?

Det har professor Anne Mangen ved Lesesenteret forska mykje på, og du kan møta ho i samtale med Tom Hetland denne dagen. Alle som kjem må ga billett grunna evt smittesporing. Billett finn du her.

​​​​​​​Arrangementet vert òg streama på denne Facebook-sida.

Lurer du på kva andre UiS-kolleger du kan møta under årets forskingsdagar? Sjå heile programmet her: https://www.uis.no/forskning-og-ph-d/forskningsdagene-2020/hele-programmet/

Lesing på skjerm og papir

Forskingsdagane opnar på Universitetsbiblioteket