en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Møtebok frå læringsmiljøutvalet 15.10.2019

Møtebok

Møtestad: AR T-401

Tid: 15.10.2019 kl. 13:30

Fylgjande faste medlemmer møtte:

Joachim Børlie

Astrid Birgitte Eggen

Lawrence Dean Mulbah

Mahnoor Raja

Valeria Rojas

Gro Sokn

Lene Borgen Waage, på video

Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall:

Sjur Martin Bjerke

Elisabeth Faret

Brita Strand Rangnes

Fylgjande varamedlemmer møtte:

Arve Kristiansen

Leslie Leith Symington

Fylgjande faste observatørar møtte:

Maren Anne Kvaløy

Anne Beth Våga

Frå administrasjonen møtte:

Veslemøy Hagen, Eilef J. Gard

Møtet vart leia av Astrid Birgitte Eggen

 

Saksnr.

Innhold

U.off.

Arkivnr.

LU 36/19

Konstituering av utvalget og godkjenning av innkalling

 

19/09116-1

LU 37/19

Godkjenning av møtebok og opptak til eventuelt

 

19/09118-1

LU 38/19

Strategisk tema: ECIU University og "Lære hele livet"

 

 

LU 39/19

Universitetsbibliotekets rolle i læringsmiljøutvalget

 

19/09120-1

LU 40/19

Utdanningskvalitetsseminar 2019 – 2020

 

 

LU 41/19

Forsinket sensur ved UiS, eksamen vår 2019

 

18/01752-25

LU 42/19

StOr orienterer

 

 

LU 43/19

Studentombudet orienterer

 

 

LU 44/19

Utdanningsdirektøren orienterer

 

 

LU 45/19

Eventuelt

 

1

 

LU 36/19       Godkjenning av innkalling

Vedtak:

Innkalling til konstituerende møte i læringsmiljøutvalget 15. oktober 2019 godkjennes, og utvalget konstituerer seg som følger:

  • Leder: Astrid Birgitte Eggen
  • Medlem: Sjur Martin Bjerke
  • Medlem: Joachim Børlie
  • Medlem: Lawrence Dean Mulbah
  • Medlem: Mahnoor Raja
  • Medlem: Brita Strand Rangnes
  • Medlem: Valeria Rojas
  • Medlem: Gro Sokn
  • Medlem: Lene Borgen Waage

Som faste observatører med talerett inngår Universitetsbiblioteket (UBiS) ved direktør Gitte Kolstrup, Studentsamskipnaden i Stavanger ved direktør Elisabeth Faret, studentombud Maren Anne Kvaløy, samt direktør for bygg- og arealforvaltning.

 

LU 37/19       Godkjenning av møtebok og opptak til eventuelt

Vedtak:

Møtebok fra læringsmiljøutvalgets møte 21. mai 2019 godkjennes. Innkallingens møteplan fastsettes som møtets dagsorden.

 

LU 38/19       Strategisk tema: ECIU University og "Lære hele livet"

Prorektor og utvalsleiar innleia til samtale om livslang læring og ECIU University, fleksible utdanningsmodellar og å møta utfordringane i samfunnet.

Samtalen i saka handla mellom anna om forholdet mellom nettstøtta og nettoverførd undervising og campusbaserte læringsmøte. Fører streaming av undervising til at mange studentar ikkje møter opp på campus, og er det gjerne dei som helst burde vore her? Samtidig vart det understreka at det er viktig å ha digitale ordningar i studia, og at studentar kan ha gode grunnar for å ikkje møta fysisk til undervising.

Vidare dreia samtalen seg om studentar som vert borte frå studia. Er det fråfall frå det bestemte studiet, er det fråfall frå høgare utdanning, eller fortset studentane i andre studier eller kjem tilbake til høgare utdanning seinare?  

Utvalsleiar føreslår eit gjennomgåande tema for utvalet for dette studieåret: Studentane sitt fyrste studieår. Ho bad SiS, studentpresten og studentombodet om å presentera frå sitt perspektiv. Målet er å laga ei fyrsteårsline og m.a. sjå på undersøkjingar om studentar sin mobilitet det fyrste året.

Det var ikkje lagt fram forslag til vedtak i saka.

 

LU 39/19           Universitetsbibliotekets rolle i læringsmiljøutvalget

Utvalsleder innledet og orienterte om saken og viste til saksframlegget.

Utvalget hadde ellers ingen kommentarer i saken.

Vedtak:

Utvalget ber styret justere læringsmiljøutvalgets sammensetning slik at bibliotekdirektøren inngår i rulleringsordningen som i dag omfatter de to infrastrukturrepresentantene (direktør for bygg- og arealforvaltning  og IT-direktøren), med tanke på at bibliotekdirektøren kan oppnevnes som utvalgsmedlem for utvalgsåret 2020/2021.

 

LU 40/19      Utdanningskvalitetsseminar 2019 - 2020

Utvalsleiar innleia i saka. Utdanningsdirektøren fylgde opp og viste til dei tre punkta som utvala er bedne om å diskutera.

Læringsmiljøutvalet hadde fylgjande kommentarar og innspel:

  • Det er eit godt forslag. Det kan gjerne utvidast til å omfatta andre utval og råd.
  • Studieadministrativt personale, studieprogramleiarar kan gjerne også inkluderast.
  • Føreslår å knytta det til det temaet som LU skal ha som raud tråd dette året.
  • Studieprogramleiarar kan vera ein god kanal for å nå vidare ut.
  • Samhandling med arbeidslivet bør vera ein del av eit slikt opplegg.

Gro Sokn og Mahnoor Raja representerar utvalet i gruppa som får ansvar for å organisera og gjennomføra seminara.

Vedtak:

Læringsmiljøutvalet og utdanningsutvalet arrangerer to seminar for utdanningskvalitet i studieåret 2019 – 2020, eitt 4. desember og eitt i mai neste år. To representantar frå LU, saman med to representantar frå UU, utdanningsdirektøren og prorektor for utdanning organiserar og gjennomfører seminara.

 

LU 41/19      Forsinka sensur ved UiS, eksamen vår 2019

Utdanningsdirektøren orienterte om bakgrunnen for saka. Studentane har drive den fram. Tiltak vart sette i gong og forankra i LU. Studentane sitt engasjement har gitt resultat.

Leiar for StOr sa at studentane er nøgde. Dette er ein god måte å løysa problemet med forsinka sensur på.

Utvalsleiar la til at det er bra å oppretthalda trykket. Me har ikkje berre nulltoleranse, me har også lovkrav. Ho sa seg veldig imponert over det resultatet som UiS har oppnådd. Nå er kulturen sett. Det er slik me arbeidar med sensur på Universitetet i Stavanger!

Vedtak:

Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.

 

LU 42/19       StOr orienterer

Ingen frå StOr kan delta på den 13. nasjonale konferanse om inkluderende læringsmiljø i Trondheim.

Arbeidet med ny studenttillitsvaldordning: Ei arbeidsgruppe begynte denne saka forrige studieår. StOr vil ta opp denne saka igjen etter studentvalet i november, slik at det kan vera klart til hausten 2020. Det er trong for å gjera noko med valordninga, serleg til dei lokale utvala.

Engasjertdagen: Denne fungerte veldig godt tidlegare, men ikkje så godt i 2017 og 2018. StOr og UiS må spela på lag i større grad enn tidlegare for å få dette til. Me må tenkja nytt.

Utvalsleiar kommenterte at læringsmiljøkonferansen er ein viktig arena å delta på og spurde om andre kan delta. Det er viktig å henta ned det som skjer nasjonalt.

Tillitsvaldordninga vart kort diskutert. Utdanningsdirektøren viste til at forslag om ny ordning ikkje vart lagt fram for utvalet forrige studieår og at ho bad om å få ein betre gjennomarbeidd versjon. Leiar for StOr la til at dette ikkje var foreint i gruppa, og var enig i at det må gjennomarbeidast på nytt. Utvalsleiar understreka at institusjonsleiinga må vera med i utarbeiding av ordninga, og ba om å få nytt forslag til læringsmiljøutvalet og forankra det i institusjonsleiinga.

Engasjertdagen vart også kommentert. Engasjement er ein av dei sju faktorane i kvalitetssystemet. Skal nokon delta i konferansen Rom for studentar? Den er på OsloMet i år, UiS har blitt utfordra til å arrangera neste år.

StOr orienterte vidare om:

  • Engasjertmøter, som er lågterskeltilbod der StOr orientarar studentar og svarar på spørsmål.
  • Tiltaket med grøne boksar har vore vellukka.
  • Studentvalet har si eiga nettside. Ein prøver å få opp deltakarprosenten i år. Der er fem lister med 72 kandidatar.
  • Studentparlamentet har hatt to møte sidan forrige møte i læringsmiljøutvalet.

Utvalsleiar spurde om ordninga med lister vert diskutert i StOr. StOr-leiaren svara at nokon vil ha tematiske lister, andre vil ha fakultetsvise val. Sjølv gjekk han inn for tematiske lister. Då kan ein halda folk ansvarlege for det dei vert valde inn på, meinte han. Ein av dei andre studentrepresentantane la til at sjølv om dei har lister, arbeidar dei stort sett for saker som dei fleste er einige om.

Vedtak:

Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.

 

LU 43/19       Studentombudet orienterer

Studentombodet orienterte om årsrapporten for studentombodet, som vart vedteken i styret tysdag 24. september 2019. Rapporten gjeld for studieåret 2018 – 2019. Ordninga med studentombod er lovfesta frå i år. Rapporten har to hovudfokus: Lik handsaming er ein av dei viktigaste grunnane til at me har eit studentombod. Rettane til studentane når det gjeld undervising og kvalitet i undervisinga. Desse bør verta tydeleggjort i utdanningsplanen.

Rapporten kan hentast her.

Læringsmiljøutvalet hadde fylgjande kommentarar og innspel:

  • Fakultetsdirektøren ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ventar at SAF arbeidar vidare med ulik handsaming mellom fakulteta.
  • Den eksterne representanten viste til at på HVL vert det arbeida med klart språk i studieplanane. Studentane må forstå kva arbeidskrav som er venta av dei.
  • Studentombodet la til at det er vanskeleg for mange studentar å skilja mellom utdanningsplan og studieplan.
  • Utdanningsdirektøren viste til SAF og STAL og at alle ting som kjem fram i desse fora, vert tekne opp og arbeidd med.

Vedtak:

Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.

 

LU 44/19      Utdanningsdirektøren orienterer

Utdanningsdirektøren orienterte om fylgjande saker:

  • Prosjekt for studenters suksess i høgare utdanning. Dette er eit treårig prosjekt. Perioden går ut i år. UiS har fått invitasjon til nye tre år. Prosjektet ynskjer ein 20 % stilling. Det har vore låg deltaking i seminar.
  • Nasjonal konferanse om inkluderende læringsmiljø. StOr har ikkje høve til å delta. Utdanningsdirektøren kan dekka deltaking for to studentar.
  • Status for arbeidet med revidert handlingsplan for universell utforming. Den er prøvd forenkla til nokre få tiltak. Me har begynt å arbeida med universell utforming. Den har vore diskutert i LU og i høyring. Saka er ikkje ferdig utgreia til LU ennå.
  • Møtebok fra møtet i utdanningsutvalget 22. mai 2019.
  • Møtebok fra møtet i arbeidsmiljøutvalgets møte 8. mai 2019.
  • Møtebok fra møtet i arbeidsmiljøutvalgets møte 25. september 2019.
  • Dokumentasjon til NOKUT vart sendt inn innan fristen 8. oktober.

Utvalsleiar la til at ho også ynskjer orientering frå fleire i komande møte, t.d. frå rektoratet.

Vedtak:

Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.

 

LU 45/19      Eventuelt

Sak LU 45/19 gikk ut, då ingen saker var meld til eventuelt.