en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

LU 40/19 Utdanningskvalitetsseminar 2019 - 2020

Vedtak

Saka gjeld

Læringsmiljøutvalet har saman med utdanningsutvalet fastsett at dato for fellesseminaret for dei to utvala 2019 er 4. desember. Utdanningsdirektøren og utvalsleiar ynskjer å omgjera dette til seminar om utdanningskvalitet, med ei større målgruppe.

Bakgrunn

Dei seinare åra har utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet arrangert eit felles seminar ved oppstart av nytt studieår. Tema på desse seminara har teke utgangspunkt i mandata for dei to utvala. Hausten 2015 var temaet internasjonalisering heime. Hausten 2016 var temaet dei nye standardane og retningslinene for kvalitetssikring i høgare utdanning i Europa. Hausten 2017 vart seminaret utvida til samstundes å vere eit oppstartsseminar for gjennomgang av studia i fylgje nye forskrifter frå KD og NOKUT. Hausten 2018 vart seminaret lagt til desember, med temaet «Sentrale utval i ny organisasjon etter 2019».

Nå ynskjer utdanningsdirektøren og utvalsleiar å etablera ei ordning med seminar om utdanningskvalitet, som skal ha fleire målgrupper enn dei tidlegare fellesseminara.

Utdanningskvalitetsseminar studieåret 2019 - 2020

Universitetet har fått nytt kvalitetssystem, der sju faktorar skal vera den raude tråden i arbeidet med vidareutvikling av utdanningskvaliteten. Desse er valde ut fordi dei er sett som sentrale for studentane sin læringsbane og studieerfaring. (US 60/16 Revisjon av kvalitetssystemet ved Universitetet i Stavanger; US 61/16 Innspill til stortingsmelding om kvalitet i høyere utdanning; Meld. St. 16 (2016-2017) Kultur for kvalitet i høyere utdanning.) Dei sju faktorane er engasjement, tilbakemelding, undervising, læringsutbytte, arbeidslivsrelevans, internasjonalisering, og forskningsbasert undervising og utdanning.

Utvalsleiar og prorektor for utdanning ynskjer at dei to sentrale utvala, utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet, saman med utdanningsdirektøren og prorektor for utdanning, skal ta ansvar for å arrangera kulturbyggjande møteplasser der tema som har medverknad på utdanningskvalitet vert sette på dagsorden og arbeidd med. Det vil då vera naturleg at dei sju kvalitetsfaktorane dannar tematisk ramme for slike møte.

Liknande møteplasser eksisterer allereie ved UiS, i ulike former og for ulike målgrupper. Her kan nemnast Studieadministrativt forum (SAF), program for studieprogramleiarar og ovanfor nemnde fellesseminar for UU og LU. Det har også ved ulike høve vore arrangert opne faglege temasamlingar for diskusjonar om utdanningskvalitet, eller deleseminar om undervising og læring. Nokre har vore arrangerte på institusjonelt nivå, andre ved fakultet. Erfaringar har vist at samlingar som har hatt tydelege målgrupper og problemstillingar er dei som har fungert best med tanke på deltaking og nytte.

Læringsmiljøutvalet har i sitt mandat heimel for å «Ta initiativ til, og koordinere strategisk utviklingsarbeid angående læringsmiljøet ved universitetet». På same måten skal Utdanningsutvalet «Kunne ta initiativ til, og koordinere, strategisk utviklingsarbeid innenfor utdanningsvirksomheten ved universitetet». 

Utdanningsdirektøren inviterar utvalet til å diskutera denne saka, og serleg ta stilling til fylgjande spørsmål:

  • Kva form kan slike møteplassar ha?
  • Kva skal vera målgruppene for møteplassane? Skal det vera differensierte målgrupper? Møte med blanding av undervisingspersonale, administrativt personale, studentar, utdanningsleiarar?
  • For eventuell framtidig utvikling: Vil det vera aktuelt å tenkja seg eit overordna program for kulturbyggjande møteplasser, som også omfattar eksisterande tiltak ved UiS?

 

Framlegg til vedtak: Utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet arrangerer to seminar for utdanningskvalitet i studieåret 2019 – 2020, eitt 4. desember 2019 og eitt i mai neste år. To representantar frå UU og to frå LU, saman med utdanningsdirektøren og prorektor for utdanning organiserar og gjennomfører seminara.

 

Saksutkastet er godkjent av utdanningsdirektøren 4. oktober 2019.

Sakshandsamar: Eilef Johan Gard