en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

LU 05/19 Møteplan for utvalet 2019/20

Vedtak

Saka gjeld: Fastsetting av møteplan for studieåret 2019/2020

Bakgrunn

Møteplanane for utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet har sidan 2014 vore samkøyrde for å gjera planlegginga av arbeidet mellom dei to utvala lettare, og for å styrkja utvala sitt strategiske arbeid i spørsmål knytt til utvikling av studiekvalitet. Møteplanane for kvart år er utforma i tråd med årshjula dei to utvala vedtok i mars 2014. Samarbeid mellom utvala viser seg enklare og betre når UU og LU sine møteplanar samsvarar godt med kvarandre og med styret sin møteplan. 

Utdanningsdirektøren har utarbeidd framlegget til møteplanen for 2019-2020 i tråd med utvala sine vedtekne årshjul under omsyn til fylgjande:

  • Skissa til førebels styreplan for 2019/2020 (grunna skifte av styreform vert ikkje styret sin endelege møteplan fastsett før på første styremøtet hausten 2019)
  • Rapporteringsfristar frå eigar/departement og universitetet sitt regelverk
  • Unngå dagar rett før og rett etter rørlege heilagdagar
  • Unngå veke 33/2019 (ynskja av StOr)
  • Unngå grunnskulens haust- og vinterferier 2019/2020

Introduksjonsseminar for nye (og gamle) medlemar gjerast separat for kvart av dei to utvala. 

Møteplan

Utdanningsdirektøren gjer framlegg om fylgjande møteplan for dei to utvala:

Møteplan LU/UU 2019/2020
Møte Læringsmiljøutvalet Utdanningsutvalet
Fellesseminar, alt. 1 Ons 28.08.2019 Ons 28.08.2019
Introseminar Tir 24.09.2019 (i forkant av møtet)  
Sep 2019 Tir 24.09.2019 Ons 25.09.2019
Nov 2019 Tir 12.11.2019 Ons 13.11.2019
Fellesseminar, alt. 2 Ons 04.12.2019 Ons 04.12.2019
Feb 2020 Tir 11.02.2020 Ons 12.02.2020
Mar 2020 Tir 24.03.2020 Ons 25.03.2020
Mai 2020 Tir 12.05.2020 Ons 13.05.2020

 

Utdanningsdirektøren si vurdering

Fellesseminar: Utvala har bede om at det haldast eit årleg fellesseminar i byrja av kvart studieår. I 2018 vart fellesseminaret flytta til slutten av haustsemestret, grunna at tema var utvala i den nye organiseringa av universitetet, og at mykje var uavklara i byrjinga av haustsemestret. Det synte seg at plasseringa i slutten av haustsemestret hadde god verknad. Utdanningsdirektøren inviterer difor utvalet til å vurdera om plassering i slutten av haustsemestret kan gjerast til ei permanent ordning. 

Introduksjonsseminar: Det arrangerast eit introduksjonsseminar for nye (og gamle) medlemar i starten av haustsemesteret, før det fyrste møtet i utvala. Dette har tidlegare vore eit felles samla tiltak for dei to utvala, men etter innspel frå utvalsmedlemane vart det prøva ut ei ordning med separate introduksjonar for kvart av dei to utvala i fjor. Erfaringane var gode, slik at utdanningsdirektøren si vurdering er at ordninga med utvalsvise introduksjonsseminar gjerast varig.

Program for fellesseminaret og dei to introduksjonsseminara vert lagt fram for utvala i mai.

Våre eigarar har engasjert seg kraftig i læringsmiljøutvala sitt arbeid de siste to åra, og tilrår at læringsmiljøutvala aukar andelen vedtakssakar som kan verke direkte på studie- og læringsmiljøet (kalla substansielle vedtak). Utdanningsdirektøren ynskjer å medverka til dette, og inviterer utvalet til å gjere utvalet sitt møte i mars 2020 til eit eventuelt-møte, som berre avviklast i tilfelle der det er innmeld substansielle vedtakssakar innan 1. mars.

 

Framlegg til vedtak

a) Utvalet vedtek møteplan for studieåret 2019/2020 i samsvar med framlegget og dei justeringar utvalet fant naudsynte.

b) Utvalet ber om at fellesseminaret leggjast i slutten av haustsemestret som ei permanent ordning.

c) Utvalet vedtek at møtet i mars 2020 berre avviklast i tilfelle der substansielle vedtakssakar er innmeld innan 1. mars 2020.

 

Saka er godkjend av utdanningsdirektøren 29. januar 2019.

Sakshandsamarar: Eilef J. Gard / Stig A. Selmer-Anderssen