en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

LU 16/18 Tema for UU-LU fellesseminar 2018

Vedtakssak

Læringsmiljøutvalet har saman med Utdanningsutvalet fastsatt dato for fellesseminaret 2018. I møteplanane for studieåret 2018 – 2019 som dei to utvala vedtok i februar i år (sakane UU 06/18 og LU 10/18) vart fellesseminar lagt til 5. september 2018. Nå skal utvala gi tilråding om tema for fellesseminaret.

Bakgrunn

Dei seinare åra har Utdanningsutvalet og Læringsmiljøutvalet arrangert eit felles seminar ved oppstart av nytt studieår. Tema på desse seminara har teke utgangspunkt i mandata for dei to utvala. Hausten 2015 var temaet internasjonalisering heime. Hausten 2016 var temaet dei nye standardane og retningslinene for kvalitetssikring i høgre utdanning i Europa. Hausten 2017 vart seminaret utvida til samstundes å vere eit oppstartsseminar for nye ordningar for akkreditering, etablering og revidering av akkreditering av studier.

Fellesseminara er eit av tiltaka som er skipa ut i frå dei to utvala sine ynskje om å koordinera arbeidet og skapa større samforståing av utvala si rolle i arbeidet med kvalitet i utdanningane. Same dagen og i framkant av seminardelen har det vore arrangert ein kursdel for nye utvalsmedlemer, men ein konsekvens av opplegget i 2017 var at opplæring av nye utvalsmedlemer då ikkje kunne falle på same dag som fellesseminaret.

Seminaret hausten 2018

Utdanningsdirektøren sitt framlegg er at «Sentrale utvalg i ny organisasjon etter 2019» kan vere tema for fellesseminaret i år.

Styret vedtok i sak 52/16 at UiS skal ha einheitleg leiing med ansatt rektor og ekstern styreleiar. Arbeidsgruppa som har sett på ulike ordninger for organisering og leiing under ansatt rektor tilrår ein modell med tre prorektorer (ein for utdanning, en for forsking og ein for samfunnsengasjement og innovasjon) og ein administrasjonsdirektør. Arbeidsgruppa vurderte ein rekke løysingar og organisasjonselement, men har ikkje gitt noen vurdering gjeldande dei sentrale utval i den nye organisasjonen. Dei to utvala har viktige roller i verksemda, også i den nye organiseringa. Det er difor eit behov for at utvala vurderer kva for nokre av prosessane i den nye organiseringa utvala skal ha oppgåver, og korleis desse oppgåvene skal organiserast og gjennomførast. Samstundes berørast dette også i sluttrapporten frå prosjektet som Oxford Research har gjennomført på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet om LMU-ane i høgre utdanning, der ein av fire utviklingsveger vidare var å slå saman Utdanningsutvalget og Læringsmiljøutvalget. 

 

Framlegg til vedtak: Utvalet tilrår at «Sentrale utvalg i ny organisasjon etter 2019» skal vere tema for årets fellesseminar for Læringsmiljøutvalet og Utdanningsutvalet. Utvalet ber utdanningsdirektøren i samarbeid med prorektor og fakulteta om å førebu seminaret med omsyn til dei innspela som kom fram i møtet.  

 

Saken er godkjend av utdanningsdirektøren 14.05.2018. 

Sakshandsaming: Stig Selmer-Anderssen

Saksdokumentet i pdf-format:  LU 16-18 Tema for UU-LU fellesseminar 2018.pdf