en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

UiS skal få ny strategisk plan

Universitetet i Stavanger er dette året i gang med å lage ein ny strategi som skal gjelde fram til 2030. UiS-leiinga vil at studentane skal engasjere seg i strategiprosessen og inviterer studentar og tilsette til allmøte tysdag 28. januar.

Ved inngangen til det nye året har styret bede om ein gjennomgang av strategien for Universitetet i Stavanger, og eit forslag til ny strategi mot 2030.

Strategiutvikling er eit samarbeidsprosjekt. Involvering frå tilsette og studentar er viktig for leiinga ved UiS. Leiinga inviterer difor tilsette og studentar til allmøte den 28. januar i Arne Rettedals hus kl. 13, kor det skal vere ei innleiing ved rektor Klaus Mohn og ein diskusjon i plenum.

Strategiarbeid handlar om kva rolle Universitetet i Stavanger skal ha.

Med utgangspunkt i relevans, kvalitet og uavhengighet skal vi fylle denne rolla med innhald og meining, som gjer universitetet vårt enno meir attraktivt – for studentar, for tilsette og for samarbeidspartnarar i arbeidsliv og samfunn.

Strategiutvikling inneber ei rekke viktige val. Om kva som skal vere våre spesielle kjenneteikn, om kva som skal sette retninga for vidareutviklinga av universitetet og av kva som ska guida våre prioriteringar i åra som kjem.

Strategiprosessen er delt inn i fem fasar

Fase 1: Retning, føringar og prosessutforming
Frå primo august til styremøtet 11. desember 2019

Fase 2: Innretning og forankring av strategiske tema
12. desember 2019 til styreseminaret 6. februar 2020

Fase 3: Strategiutforming og budsjettforankring
7. februar til styremøtet 11. juni 2020

Fase 4: Høyringsrunde og vedtak
12. juni til styremøtet 22. oktober (alternativt 10. desember)
Milepæl – Universitetsstyrets vedtak av strategi 2030

Fase 5: Implementering, handlingsplanar og konkrete tiltak
23. oktober og utover våren 2021                           

Sjå ein meir detaljert framdriftsplan (pdf)

Les noverande strategi for UiS

Relevante styresaker

Prosess for ny strategiplan for UiS 2020 (pdf) 

Strategi 2030 – prosess og organisering (pdf)

Framside av Arne Rettedals hus

UiS-leiinga inviterer til allmøte 28. januar.