en_GB
Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Open gjesteførelesing med finansminister Siv Jensen

Nytt høve til å få ei fagleg oppdatering rundt status og utsikter for norsk økonomi av sjølvaste finansminister Siv Jensen.

Norsk økonomi slikker såra etter oljeprisfallet, arbeidsløysa set stadig nye rekordar, rentene går mot null, bustadprisane held fram med å auke alle andre stader enn i Stavanger-regionen og det offentlege brukar meir pengar enn nokon gong. Dette er situasjonen når Regjeringa no skal vurdere utsiktene for norsk økonomi og tilpasse den økonomiske politikken for dei nærmaste åra. Midt i arbeidet med å førebu Statsbudsjettet for 2017 tek finansminister Siv Jensen eit avbrekk og legg turen til Stavanger og Handelshøgskolen ved UiS.

Med dette er du invitert til gjesteførelesing tirsdag 6. september:

«Status og utsikter for norsk økonomi»
Finansminister Siv Jensen
Tid: Tirsdag 6. september, kl. 13:15-14:00
Sted: Handelshøgskolen ved UiS, Elise Ottesen-Jensens hus, Stort Auditorium
 

Eit flott høve til å få ein fagleg oppdateringen rundt status og utsikter for norsk økonomi.

Vel møtt!

Finansminister Siv Jensen

Finansminister Siv Jensen